«Abeille Bourbon»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Abeille Bourbon» ved kai i Brest i Nord-Frankrike august 2005.

«Abeille Bourbon» er eit nytt kystvaktskip i den franske marinen, som vart sett i drift våren 2005. Skipet erstatta skipet «Abeille Flandre», som vart sett i drift i 1979.

Skroget vart bygd i Polen og var innom Florø for vidare arbeid. Utstyring og ferdigstilling skjedde på Myklebust verft i Gursken i Sande kommune. Skipet er designa av Rolls-Royce Marine/Ulstein Technology og er nært slekta til KV «Harstad» sitt design. Kystvaktskipet er særskilt utstyrt for sleping, oljevern og generelle kystvaktoppgåver.

Les Abeilles International, eit slepebåtselskap i Bourbon-gruppa, har kontrahert «Abeille Bourbon» og systerskipet «Abeille Liberté». Les Abeilles Inernational har kontrakt med den franske marinen om standby-tenester langs den franske kysten. Skipet vart døypt i Brest 13. april 2005 med presidentfrua Bernadotte Chirac som gudmor. Hovudbasen vil òg vera i Brest.

Nøkkeldata[endre | endre wikiteksten]

  • Formgjevar: ingeniør og skipsformgjevar Sigmund Borgundvåg
  • Lengd: 80 m
  • Breidd: 16,5 m
  • Mannskap: 14 i tillegg til at der er 8 passasjerplassar
  • Motorar: 4 MAK tyskproduserte motorar, 21 740 hestekrefter kvar og Cummins hjelpemotorar
  • Toppfart: 19,5 knop
  • Kanoneld: 4 500 i timen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: «Abeille Bourbon»