«Alexander L. Kielland»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Produksjonsplattforma «Edda 2/7 C» med boligplattforma «Alexander L. Kielland» til høgre.
Foto: Norsk Oljemuseum

«Alexander L. Kielland» var eit flotell som vart nytta i samband med petroleumsutvinningEkofiskfeltet i Nordsjøen. Flotellet vart bygd som ein flytande halvt nedsenkbar boreplattform, men vart nytta som flotell. Plattforma vart bygd i Dunkerque i Frankrike i 1976. Ho vart kalla opp etter forfattaren Alexander Lange Kielland. Plattforma vart plassert på Ekofiskfeltet i Nordsjøen. Frå 1979 fungerte ho som tvillingplattform til oljeplattforma Edda 2/7 CEddafeltet. Den 27. mars 1980 velta «Alexander L. Kielland». I «Alexander L. Kielland»-ulukka omkom 123 av dei 212 som var om bord. Etter ei tid snudde ein plattforma att for å finna ut årsaka til ulukka. Plattforma vart seinare, etter mykje strid, søkkt i Nedstrandfjorden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: «Alexander L. Kielland»
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.