«Blücher»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Blücher»
Karriere i Tyskland
Klasse: Admiral Hipper-klassen
Type: Kryssar
Bestilt: 30. oktober 1934[1]
Kostnad: 87,8 millioner Reichsmark
Verft: Deutsche Werke Kiel
Byggjenummer: 246
Kjølstrekking: 15. august 1935[1]
Sjøsett: 8. juni 1937
Heimehamn: Kiel
Framdrift: 3 dampturbinar gav 132 000 hk fordelt på 3 propeller[1]
Generelle eigenskapar
Deplasement: standard 14 050 tonn standard
fullasta 18 200 tonn
Djupgang: 7,2 meter
Mannskap: 1 000

«Blücher» var eit tysk krigsskip oppkalla etter den prøyssiske generalfeltmarskalken og fyrsten Gebhard Leberecht von Blücher (1742–1819).[2] Skipet vart sjøsett 8. juni 1937,[2] og hadde åtte kanonar, 12 antiluftskyts og tolv torpedorøyr.

Blücher med sterk slagside, etter å ha vorte treft av kanonskot og torpedoar frå Oscarsborg festning den 9. april 1940.

Skipet vart senka på veg inn i Oslofjorden om morgonen 9. april 1940 ved Oscarsborg festning, av to torpedoar frå Nordre Kaholmen. Meir kjent er skota frå 28 cm-kanonane Moses og Aron, men ingen av desse var fatale for «Blücher». Av mannskapet på 1308 menn omkom om lag 1000 i det kalde vatnet. Senkinga av «Blücher» sette seinka det tyske okkupasjonsforsøket. Resten av eskadren trudde sundet var minelagt (grunna torpedotreffa), og gjekk ikkje lenger inn fjorden. Senkinga gav norske styresmakter med kong Haakon VII i spissen tid til å flykta. Planen var at dei tyske skipa skulle koma inn til Oslo grytidleg på morgonen og ta den norske hovudstaden.

Vraket ligg på botnen av Oslofjorden, aist for Askholmene, og vart i juni 2016 freda som krigsminne og gravminne.[3] Vraket lek olje og utgjer ein miljøtrussel for Drøbaksundet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Deutsches-marinearchiv.de Besøkt 26. april 2015
  2. 2,0 2,1 «Blücher». Store norske leksikon (på norsk). 22. august 2023. 
  3. «Skipsvraket etter Blücher fredet». ABC Nyheter. 16. juni 2016. Henta 16. juni 2016.