«Terra Nova»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Terra Nova
«Terra Nova» i isen
Karriere
Verft: Alexander Stephen and Sons,
Dundee i Skottland[1]
Sjøsett: 1884
Lagnad: Sokk utanfor Grønland 13. september 1943
Generelle mål
Klasse og type: Bark med treskrog
1 skorstein, 3 master
Tonnasje: 764 brt
Lengd: 187 ft (56,9976 m)
Breidd: 31,4 ft (9,57072 m)
Draft: 19 ft (5,7912 m)
Framdrift: Dampmotor
140 BHP
Rekkevidd: Avgrensa av vass- og matforsyningar
Mannskap: 65

«Terra Nova» (latin for Newfoundland) var ein polarskute på 744 brt som vart bygd i 1884 for kval- og selfangstflåten i Dundee. Dei ti første åra vart ho nytta i den årlege selfangsten i Labradorhavet, før ho vart utrusta til ekspedisjonsskip.

«Terra Nova» var ideell for fart i polare strøk. Dei første oppdraga hennar som ekspedisjonsskip var som assistanseskip for Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen til Frans Josefs land frå 1894 til 1897. I 1898 vart ho kjøpt av Bowring Brothers og seglte under Nicholas Kennedy sin kommando, seinare underkaptein Abram Kean.[2]

I 1903 seglte ho saman med den tidlegare kvalbåten «Morning» til McMurdo-sundet i Antarktis for å hente ut medlemmane av Discovery-ekspedisjonen under leiing av Robert F. Scott.

«Terra Nova», fotografert i desember 1910 av Herbert Ponting.

I 1909 vart ho for £ 12 000 kjøpt inn av Scott for å tene som ekspedisjonsskip på den britiske sørpolekspedisjonen, kjent som Terra Nova-ekspedisjonen. Forsterka med kraftige eikebord som vern mot den antarktiske pakkisen, seglte ho frå Cardiff den 5. juni 1910. Ekspedisjonen gjennomførde viktige vitskaplege undersøkingar, men den siste ekspedisjonen til Scott er best kjent for kappløpet mot Sørpolen og det tragiske utfallet der Scott og fire andre polfararar omkom på tilbakevegen.

Etter å ha returnert frå Antarktis i 1913, vart «Terra Nova» kjøpt tilbake av dei førre eigarane og tok opp att selfangst ved Newfoundland. Under karrieren sin som selskute stod ho for ein fangst på om lag 800 000 skinn. I 1918 vart ho chartra av Dominion Steel and Coal Corporation for å transportere kol frå kolgruvene i North Sydney i Nova Scotia til Bell Island.

I 1942 vart ho sett inn for å frakte forsyningar til Grønland for entreprenørar frå Newfoundland. Den 13. september 1943 vart ho skadd i isen og sokk sørvest av Grønland. Besetninga vart redda av ein kutter frå US Coast Guard.[2] I juli 2012 vart vraket funnen på ca 300 meters djup av eit amerikansk forskingsskip.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Terra Nova - Ships of the Polar Explorers». Cool Antarctica. http://www.coolantarctica.com/Antarctica%20fact%20file/History/antarctic_ships/terra_nova.htm. Henta 27.november 2012. 
  2. 2,0 2,1 Encyclopedia of Newfoundland and Labrador, Joseph R. Smallwood Heritage Foundation, 1991. ISBN 0-9693422-1-7.
  3. Christiansen, Ann. Robert Scotts polarskip funnet utenfor Grønland. Aftenposten. Vitja 27. november 2012.
  4. R/V «Falkor» discovery of S.S Terra Nova (engelsk). Schmidt Ocean Institute. Vitja 2012-11-27.