«Zarja»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zarja i 1902 under den andre overvintringa

Zarja (russisk Заря, tyder «Soloppgangen») var ein brigg med segl og dampmotor som vart nytta av Det russiske vitskapsakademiet til ekspedisjonar i Arktis i 1900-1903.

Mot slutten av 1800-talet ønskte akademiet å byggje eit forskingsfartøy for langvarige ekspedsjonar. Det første, og i fleire tiår det einaste, skipet var «Zarja». I 1899 klargjorde baron Eduard Toll ei ny polferd og kjøpte ein norsk tremasta bark kalla «Harald Hårfagre» for 60 000 rublar. Toll fekk råd frå Fridtjof Nansen om å nytte eit liknande skip som «Fram». Skipet hadde ein deplasement på 450 tonn og draft på 5 meter.

Skipet fekk nament «Zarja» og vart sendt til skipsverftet til Colin Archer i Larvik for å byggast om for å takle dei tøffe istilhøva. I oktober 1899 vart skipet sertifisert av norske styresmakter for ein tre år lang ekspedisjon til Arktis.

Den russiske polekspedisjonen 1900-1903[endre | endre wikiteksten]

21. juni 1900 la «Zarja» ut frå St. Petersburg med eit mannskap på 20. N. N. Kolomeitsev var kaptein på skipet. 24. juli kom ho til hamna i Aleksandrovsk ved Murman (i dag Poljarnyj) og heldt så fram mot Karahavet. «Zarja» gjorde den første overvintringa si i isen i ei bukt som Toll kalla opp etter skipsverftet Colin Archer (Bukhta Kolin Artsjera) nær Tajmyrøya. Vitskapsmennene om bord brukte 11 månader på å utforske Nordenskiöldøyane og kysten av Tajmyrhalvøya. Om våren vart Kolomejtsev sendt på ein lang sledetur av ekspedisjonsleiar Eduard Toll og nestkommanderande Fjodor Andrejevitsj Matisen vart kaptein under resten av ekspedisjonen.

I august 1901 kom skipet til Laptevhavet på veg mot Nysibirøyane for å leite etter det segnomsuste Sannikov Land (Zemlja Sannikova), men vart raskt blokkert av flytande pakkis. I 1902 heldt ekspedisjonen fram med forsøket på å nå Sannikov Land medan «Zarja» var fanga i isen. Baron Eduar Toll og tre menn forlet skipet og la ut på leit etter landet. Dei forsvann utan spor i november 1902 etter å ha reist frå Bennettøya og sørover på lause isflak.

I staden for det russiske flagget, bar «Zarja» flagget til Neva seglklubb. Flagget til Finland er basert på dette flagget

«Zarja» vart hardt medfaren av isen og det var ikkje mogeleg å reparere ho. «Zarja» vart til slutt fortøydd aust for elvedeltaet til Lena i Tiksibukta på lesida av øya Brusneva. I staden for det russiske flagget bar ho flagget til Neva seglklubb, den eldste seglklubben i Russland fram til all last vart lossa av og ho vart fylt med vatn. Kaptein Matisen returnerte til Jakutsk, medan resten av mannskapet reiste til St. Petersburg.

I dag har bymuseet i Poljarnyj i Russland dokument og gjenstandar frå ekspedisjonen i ei utstilling.

Ei øy i nærleiken av Kapp Tsjeljuskin (Остров Заря) 77°37′N 104°24′E, ei halvøya aust for Middendorffbukta (полуостров Заря) og sundet mellom Belkovskijøya og Kotelnyjøya er kalla opp etter «Zarja».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]