Áji Anárjyri-Kamateró
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Áji Anárjyri-Kamateró (gresk Άγιοι Ανάργυροι-Καματερό) er ein kommune i dei vestlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí. Han vart oppretta i 2011 ved at dei tidlegare kommunane Áji Anárjyri og Kamateró vart slått saman.