Álvaro Uribe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Álvaro Uribe

Álvaro Uribe Vélez (fødd 4. juli 1952) er ein colombiansk politikar og presidenten av Colombia sidan 2002. 28. mai 2006 vart han gjenvald til ein andre periode frå 2006 til 2010 med 62 % av stemmene.

Uribe Vélez er utdanna advokat frå universitetet i Antioquia med ei spesialisering i administrasjon frå Harvard. I 1998 og 1999 var han tilknytta som professor ved Universitetet i Oxford. Han vart ordførar i Medellin i 1982, og guvernør i Antioquia mellom 1995 og 1997. Då han vart vald til president i Colombia for perioden 2002-2006 for det konservative partiet i landet, var det med slagordet «Eit stort hjarte og ei sterk hand», som viste til den militære lina som det konservative partiet ser som løysinga på valden i landet. Valkampen hadde i stor grad dreidd seg om løysingar på den langvarige og blodige borgarkrigen i Colombia, der den strengt konservative Uribe Vélez har valt ei hard, militær line.

Uribe Vélez er gift med Lina Moreno, som han har to ungar med.