Árgos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Árgos
Utsyn over Árgos frå det gamle amfiteateret.
Utsyn over Árgos frå det gamle amfiteateret.
Plassering
Árgos (Hellas)
Árgos
Árgos
Styresmakter
Land
Periferi
Periferieining
Hellas Hellas
Peloponnes
Argolída
Geografi
Flatevidd
 - By

14,5 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

30 239
  2 085/km²
Koordinatar 37°37′0″N 22°43′0″EKoordinatar: 37°37′0″N 22°43′0″E
Høgd over havet 42 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 212 00
Telefon-retningsnummer 2751
Bilnummer AP
Heimeside: www.argos.gr


Árgos (gresk Άργος) er ein by på Peloponnes i Hellas. Han var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 i kommunen Árgos-Mykínes i periferieininga Argolída i periferien Peloponnes. Byen ligg i nærleiken av Návplio, som var den historiske hamna til byen, kalla opp etter Nauplios.

Innhaldsliste

Namnet [endre]

Namnet stammar frå tida før grekarane, til liks med namnet på akropolisen, Lárisa. Etymologisk stammar det frå ein mytologisk grunnleggar kalla Argos, son av Zevs og Niobe.

Innbyggjarane i Árgos vart kalla Αργεῖοι, Argīvī på latin.

Historie [endre]

Antikken [endre]

Ei neolitisk busetnad låg nær den sentrale heilagdomen i Argolis. Heilagdomen var tileigna «argiviske Hera». Hovudfestivalen i tempelet var Hekatombaia, ei av dei viktigaste markeringane i sjølve Árgos. Walter Burkert (Homo necans, s. 185) knytte festivalen med myter til Hermes sitt drap av Argus Panoptes. Det har vore spekulasjonar om at Hermes sitt epitet argeifontes som vart forstått som «argusdreparen» veldig tidleg, faktisk er knytt til adjektivet argós, «skimrande» eller «rask», frå rota arg- (urindoeuropeisk språk: *arǵ-, dermed òg argyros, «sølv») med tydinga «skinande klår» eller liknande, og berre sekundært knytt til stadnamnet eller den mytologiske Argus.

Kastro Lárissa

Árgos var ein viktig festning i mykensk tid, og vart saman med nabobyane Mykene og Tiryns (Tíryntha) svært tidlege busetnadar på grunn av plasseringa deira midt på den fruktbare sletta i Argolis.

Homer tid høyrte han til ein av av tilhengarne til Agamemnon og gav namnet sitt til dei omkringliggande distrikta, argolidiske, som romarane kjende som Argeia. Historia til Árgos var knytta til Sparta etter 500-talet fvt.

På grunn av at byen nekta å delta i persarkrigane vart Árgos skydd av nesten alle dei andre bystatane. Árgos vart verande nøytral eller den ineffektive allierte til Aten under kampane mellom Sparta og Aten på 400-talet fvt.

Mellomalderen [endre]

1100-talet vart det bygd ei borg på høgda Lárisa, staden der den antikke akropolisen, kalla Kástro Lárisa, låg. Árgos kom under krossfararar, så til venetianarane og vart erobra av Det osmanske riket i 1463. Morosini erobra han for Venezia i 1686, men han vart gjenerobra av osmanarane i 1716. Han vart ein del av kongedømet Hellas etter den greske sjølvstendekrigen.

Árgos i dag [endre]

Árgos dimarkhío, rådhuset i byen

Ifølgje den greske folketeljinga frå 2001 har byen 27 550 innbyggjarar. Han er den største byen i periferieininga, ein av dei få periferieiningane i Hellas der den største byen har større folketal enn hovudstaden.

Store delar av byen har overlevd og er populære turistattraksjonar. Men det er landbruk som er den hovudnæringa i området, der sitrusfrukt er den viktigaste avlingen. Oliven er òg populære her.

Kjelde [endre]