Árran
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Árran er det lulesamiske senteret på Drag i Tysfjord kommune. Det inneheld administrasjonen til Sametinget, språk- og kulturarbeidarar og ein lulesamisk barnehage. Árran arrangerer kurs i lulesamisk. Med utgangspunkt i Árran-miljøet har det vorte publisert lulesamisk læreverk, Sámasta, og snart også ei norsk-lulesamisk ordbok.
Árran har sidan 1999 gjeve ut eit populærvitskapleg tidsskrift, Bårjås. Nokre få av artiklane har vore publisert på lulesamisk, og artiklar på norsk eller svensk har samndrag på lulesamisk.