Ártabukta

Koordinatar: 38°58′21″N 20°58′09″E / 38.97250°N 20.96917°E / 38.97250; 20.96917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ártabukta sett frå ei romferje i november 1994.

Ártabukta, òg kalla Amvrakiabukta (gresk Αμβρακικός κόλπος, Amvrakikós Kólpos), er ei bukt i Det joniske havet nordvest i Hellas. Ho er om lag 40 km lang og 15 km brei og er den største lukka bukta i Hellas. Byane Préveza, Árta, Amfilokhía (tidlegare kjend som Karvasarás) og Vónitsa ligg langs kysten.

Inngangen til bukta er gjennom eit 700 meter breitt sund mellom den antikke byen Actium (gresk Άκτιο, Áktio eller Άκτιον, Áktion) i sør og Préveza i nord. Ein tunell går mellom dei to byane. Bukta er forholdsvis grunn og langs kysten ligg det mange myrer, og store delar av dei er ein del av ein elvemunning. Elvane Loúros og Árakhthos munnar ut i bukta, og derfor er bukta varmare og mindre salt enn Det joniske havet. Ein straum renn frå bukta og ut i havet. Bukta er rik på multe, sjøtunge og ål.

Bukta har fått namnet sitt frå byen Árta, medan det alternative namnet har fått namnet sitt frå den antikke byen Ambrakia som ligg nær kysten der Árta i dag ligg.

Frå det greske sjølvstendet i 1832 til den andre balkankrigen i 1913 danna delar av bukta grensa mellom Kongedømet Hellas og Det osmanske riket.

Restane av fleire antikke byar ligg ved kysten: Actium ved inngangen, der det kjende slaget ved Actium vart utkjempa i 31 fvt.; Nikopolis, Argos Ippatum, Limnaea og Olpae.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • James Wolfe, «Observations on the Gulf of Arta, Made in 1830» Journal of the Royal Geographical Society of London 3:77-94 (1833) at JSTOR
  • 38°58′21″N 20°58′09″E / 38.97250°N 20.96917°E / 38.97250; 20.96917