Ávdira

Koordinatar: 40°57′N 24°59′E / 40.950°N 24.983°E / 40.950; 24.983
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ávdira
Lokalt namn Άβδηρα

Ruiner i Ávdira
Geografi
Stad Thráki
Koordinatar 40°57′N 24°59′E / 40.950°N 24.983°E / 40.950; 24.983
Areal 314,8 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Xánthi
Hovudsete Jeniséa (1 454 innb.)
Demografi
Folketal 17 610 (2021[1])
Folketettleik 55,9 /km²

Ávdira (gresk Άβδηρα), tidlegare òg Abdera, er ein landsby og ein kommune i periferieininga Xánthi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas, 17 km nordaust for munningen av Nestos (Mesta).

Kommunen har namn etter den tidlegare gresk byen Ávdira (Abdera) på kysten av Thráki. Innbyggjarane her var rekna for å vera einfaldige, sjølv om tenkjarar som Demokrit og Protagoras kom derifrå. Byen skal ha vore bygd av Herakles til minne om kjærasten hans, Abderus. Ávdira var i byrjinga ein fri by, men vart seinare underlagd Makedonia og etterkvart Romarriket.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunaleiningane i kommunen Ávdira. ██ Ávdira ██ Vistonída ██ Sélero

Frå 2011 omfattar kommunen òg dei tidlegare kommunane Vistonída og Sélero. Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Den tidlegare kommunen Ávdira, no kommunaleininga Ávdira

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 17 610 innbyggjarar, medan kommunaleininga Ávdira hadde 2 799 og tettstaden med same namn 923 innbyggjarar.[1]

Plasseringa av Ávdira

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Sélero Sélero 2 059 1 954
Jeniséa Vistonída 1 473 1 454
Petinós Vistonída 1 118 1 127
Soúnio Vistonída 1 018 924
Ávdira Ávdira 1 090 923
Fília Sélero 861 870
Levkópetra Sélero 700 829
Diomídia Vistonída 739 804
Símandra Sélero 809 752
Felóni Vistonída 609 677
Paleós Zygós Vistonída 665 629
Paleo Katrámi Vistonída 631 603
Baféika Vistonída 712 595
Mándra Ávdira 506 498
Majikó Vistonída 611 493

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • caplex.no