Ávila
| Ávila | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Autonom region | Castilla y León | ||||
| Provins | Ávila | ||||
| Grunnlagd | [[]] | ||||
| Borgarmeister | Miguel Ángel García Nieto | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
231,9 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
56 144 242,1 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 1131 moh | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 05001 - 05006 | ||||
| Nettstad: www.avila.es | |||||
Ávila de los Caballeros (latinsk Abila og Óbila) er provinshovudstaden i provinsen Ávila i den autonome regionen Castilla y León i Spania.
Byen ligg 1117 meter over havet og er den høgastliggande provinshovudstaden i landet. Han ligg på ein flat topp som stig bratt opp frå den omliggande villmarka. Dette gjer at byen har eit ekstremt klima med særs harde, lange vintrar og korte somrar.
[endre] Historie
Ávila kan ha vore den gamle byen Abula, nemnd av Ptolemaios i Geographia (II 6, 60) i den iberiske regionen Bastetania.[1] Abula er nemnd som ein av dei første byane i Hispania som vart kristna, særleg av Saint Secundus (San Segundo).[1] Men Ávila kan òg ha vore Obila istadenfor , medan Abula kan ha vore Abla.[1]
Ávila er mest kjend for bymurane frå mellomalderen. [2]. Dei vart bygd av brun granitt i 1090 med åtti tårn og ni portar som framleis er intakte. Ein stor del av byen ligg derimot i dag utafor bymurane. Den gotiske katedralen er ein del av forsvarsverket i byen. Han vart bygd mellom 1100- og 1300-talet og ser ut som ei festning med befesta murar og to solide tårn. I tillegg vart dei romanske kyrkjene San Vicente, San Pedro og San Segundo bygd på 1100-talet. I det gotiske klosteret Santo Tomás, reist av den katolske dronninga Isabella i 1482, står ein marmorskulptur, hogd ut av den florentinske skulptøren Domenico Fancelli på 1400-talet. Skulpturen står over grava til prins Juan, den einaste sonen til Ferdinand og Isabella.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ávila» frå Wikipedia på engelsk, den 1. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Avitiano (23. desember 2008). "Abulenses". Centro de estudios abulenses. http://centrodeestudiosabulenses.blogia.com/temas/abulenses.php.
- ↑ Avila på travelinginspain.com.