Ávvir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aili Keskitalo medan ho les Avvir og andre aviser.
Foto: Norske Samers Riksforbund

Ávvir er ei samisk avis som har kome ut frå den samiske nasjonaldagen, 6. februar 2007. Avisa kom i starten ut tre gonger i veka, men har frå og med 2010 fem utgjevingar i veka (tysdag til laurdag). Ho har redaksjon i Karasjok og Kautokeino.

Avisa blei til gjennom samanslåinga av dei tidlegare samiske avisene Min Áigi og Áššu. Første redaktøren og dagleg leiar er Ante Bals, tidlegare leiar og journalist i Áššu.

Namnet ávvir tyder 'merksemd' eller 'omtanke'. Namnet til den nye avisa vart foreslått av Laila Susanne Vars frå Lahpoluoppal i Kautokeino kommune.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]