Älmhult

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°33′2.8044″N 14°8′9.4956″E

IKEA i Älmhult

Älmhult er ein svensk by og centralort i Älmhults kommun i Kronobergs län i landskapet Småland. I 2005 hadde byen 8 518 innbyggjarar.

Jernbanestasjon i Älmhult

Tettstaden ligg nær grensa til Skåne. Älmhult er hovudsakleg kjent for Carl von Linné og IKEA. Botanikaren Carl von Linné vart fødd i Råshult i 1707, nokre kilometer utanfor tettstaden Älmhult.

Älmhult voks fram rundt jarnbana som kom dit i 1862.

I 1906 starta Gotthard Nilsson sin gjenbruksverkemd i Älmhult. Frå 1949 starta smelting av aluminiumavfall. I 1998 kjøpte Stena Metall Gotthard konsernet og bytte namn til Stena Aluminium i 2001. verksamheten har 82 tilsette (pr. 2008) i Älmhult

Färgeköps glasbruk flytta til Älmhult i 1917 og vart Elme Glasbruk. Det vart den største arbeidsgjevaren i tettstaden med ca 300 tilsette på sitt meste på slutten av 1920-talet. Verksemda vart nedlagt på byrjinga av 1970-talet.

På byrjinga av 1950-talet, då melkeruten vart lagt ned, måtte IKEAgründer, Ingvar Kamprad, flytte verksamheten frå heimen sitt, garden Elmtaryd. Valet stod mellom Älmhult og Diö der det var jernbanestasjon, på linja mellom Malmö og Stockholm. Valet fall på Älmhult der ein låve (Lagerbergska) blei kjøpt og IKEAs første møbelutstilling vart opna i 1953. I 1958 vart IKEAs første varehus opna i Ålmhult.

IKEA er den største arbeidsgjevaren i Älmhult med over 2400 tilsette (per 2008), fordelt bl.a på varehus, distribusjon, sentrallager, produktkontor, katalog-/webproduksjon og vertshus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Älmhult