Å

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

Å er den tjueniande og siste bokstaven i det norske alfabetet. Han blir brukt i norsk, svensk, dansk, vallonsk, chamorro, og ein del i finsk og i samiske språk.

Ringen over A-en utvikla seg frå ein liten a som blei skrive over denne bokstaven for å syna lydendringa frå /a/ til /å/. På liknande vis fekk me omlydsteiknet ¨, to prikkar over ein vokal, frå ein liten e skriven over bokstaven. Ringen finst òg som aksentteikn for visse bokstavar i nokre språk, som u.

Bruk av Å[endre | endre wikiteksten]

I Norden[endre | endre wikiteksten]

Ein brukte bokstaven til å skriva skandinaviske språk allereie i mellomalderen, etter at ein hadde bytta runene ut mot det latinske alfabetet. På grunn av tysk innverknad slutta ein å bruka Å-en på dansk, og han mangla dermed òg på norsk i førstninga. Svensk hadde derimot halde på bokstaven.

Ettersom å hadde stått for lang a i norrønt, blei han skriven med to a-ar på dansk. Dette skapte etter kvart problem dersom ein ønska å skriva å og a etter kvarandre. Særleg gjaldt dette det nye norske landsmålet, til dømes i ordet «sjaaande». Skulle det lesast «sjaånde» eller «sjåande»? Rettskrivinga av 1917 innførte bokstaven å for begge målformene, og han blei også teken inn igjen i dansk i 1948. Den gamle måten å skriva å på, aa, finst fortsatt i gamle namn og i datasamanhengar der ein manglar eit skandinavisk teiknsett. Namn som bruker aa som å-lyd blir sorterte alfabetisk under å.

I det svenske alfabetet kjem bokstaven rett etter Z, i rekkefølgja Å, Ä, Ö, medan han kjem heilt sist i det danske og norske. I finsk blir bokstaven berre brukt i namn av svensk opphav.

I vallonsk[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av nittenhundretalet tok ein til med å bruka å for å skriva austlege dialektar av vallonsk. Gjennom byen Liège vart bruken spreidd til alle desse områda, og han blei seinare teken i bruk for det nye vallonske skriftspråket som er meint å dekka heile Wallonia.

Opphavleg hadde lyden same verdi som på norsk. Etterkvart som han breidde om seg, kom å òg til å stå for både open og lukka /o/ og lang /a/. Der ein ikkje skriv standardisert vallonsk, kan ein skriva desse lydane med au, ô eller â ut frå uttale.

Eiga tyding[endre | endre wikiteksten]

Over heile verda kan Å stå for lengdeeininga Ångström (1 Å = 10–10 meter) , som ikkje høyrer til SI-systemet.

«Å» er også eit ord i seg sjølv, både på norsk, svensk og dansk. Det kan tyda «bekk» eller «elv» på alle tre språka, og er infinitivsmerke i nynorsk og bokmål og i mange svenske dialektar.

Elles er «å» ein preposisjon på norsk og svensk, men denne er mest berre bruka i samansetningar som «åtak», «oppå» med avstyttinga «på» og i nokre faste uttrykk som «å nyo», «å hovde» (norsk) og «å andra sidan» (svensk).

I tydinga «bekk» har Å gjeve namn til fleire stader i Skandinavia. Desse er ikkje uventa nokre av verdas kortaste stadnamn.

Å vert òg nytta for å uttrykka forundring, eller som eit uttrykk for at ein lyttar og syner interesse når nokon fortel nyhende. Lyden vert då vanlegvis trekt ut til ein lang å.