Å juletre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei edelgran pynta som juletre.
«O Tannenbaum». Pianosolo i to delar.
Tospråkleg utgåve av songen framført av U.S. Army Band Chorus

«Å juletre» er ein julesong med opphav i den schlesiske folkesongen «Ach Tannenbaum» ('Å edelgran') frå 1500-talet. Songen er kjend i si tyske juleutgåve «O Tannenbaum» frå 1800-talet og i omsetjingar som engelske «O Christmas Tree» og fransk «Mon beau sapin». Han blei omsett til norsk av Arne Bendiksen i 1981. Han er den eldste julesongen som nemner eit juletre.[1] Songen peiker seg også ut som eit tidleg døme på ein julesong utan religiøst innhald.[2]

Melodien er brukt i ei rekkje andre songar, mellom anna i amerikanske delstatssongar, i tøysesongen «En bussjåfør» og kristne songar som «Jeg er en ringe vandringsmann».[treng kjelde]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten i songen kan førast tilbake til 1500-talet.[3] Han fanst i fleire variasjonar, ein av dei blei gjeven att i ei lutt-bok frå 1590 og opp att av Melchior Franck i ein quodlibet frå 1615.[4]

I Deutscher Liederhort frå 1800-talet oppgav Ludwig Erk og Franz Magnus Böhme songen «Es hing ein Stallknecht seinen Zaum» som ei endå eldre kjelde.

Teksten til den moderne tyske julesongen om edelgrana er sett saman frå ulike kjelder. Førsteverset kjem frå ein song av Joachim August Zarnack frå 1820, der den eviggrøne edelgrana er samanlikna med ein lite tru kjærast, med tekst som «O Mägdelein, o Mägdelein, wie falsch ist dein Gemüte» i andreverset. Læraren Ernst Anschütz gav att songen i samlinga Deutsche Volkslieder mit Volksweisen für Volksschulen i 1820.[5] Han knytte teksten saman med folketonen «Es lebe hoch, es lebe hoch, der Zimmermannsgeselle», som songen er blitt kjend med.[3] I 1824 gav Anschütz att ein omarbeidd versjon som berre nytta det første verset frå den eldre songen og la til to nye vers, slik at berre treet er nemnd.[6] Denne versjonen har også ei klarare juletilknyting enn dei eldre tekstane.

Dette var truleg den første songen som knytte grantre til jula. Saman med juletretradisjonen spreidde han seg til mange andre land og språk, kanskje særleg USA.[7] Fram til andre verdskrigen var Zarnack sin kjærleikssong vanlegast i tyske songbøker. I løpet av 1900-talet blei linja «Wie treu sind deine Blätter» ('Kor trufaste er blada dine') gradvis erstatta med «Wie grün sind deine Blätter» ('Kor grøne er blada dine').[8]

Melodi[endre | endre wikiteksten]

Notane til songn

Melodien til «Å juletre» er ein gammal tysk folketone som òg er brukt i ei rekkje tyske og andre songar. På tysk er studentsongen «Lauriger Horatius» særleg kjend. Det finst òg talrike vers laga av tyske barn til melodien. På svensk finst drikkevisa «Nu tar vi den», og barnesongen «En busschaufför», som òg finst på norsk.

Fire amerikanske delstatar bruker melodien i delstatssongen sin: Iowa, Maryland, Michigan og New Jersey. Han blei tidlegare også brukt i delstatsstongen til Florida. Den sosialistiske songen «The Red Flag» bruker òg melodien.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Under første verdskrigen blei det trykka ein krigsversjon av songen i skyttargravspressa, som set opp ein kontrast mellom julefreden og krigen i verda.[9] Under nazitida laga Erika Thomy ein nazistisk versjon av songen, men denne blei forkasta av Die HJ, medlemsbladet til Hitlerjugend.[10]

«O Tannenbaum» er også blitt omsett og omdikta til fleire språk. Det finst fleire engelske variantar, ofte med opningslinja «Oh Christmas tree», men også med linjer som «O Christmas Pine» og «O fir tree tall!».

Arne Bendiksen omsette han til julealbumet Jul i Andeby frå 1981. På svensk finst han som «Du kära gran».

Det finst også ei rekkje parodiar og meir seriøse variantar på songen, som krigssongen «O Hindenburg! O Hindenburg!» frå 1916, den ironiske «O Eichenbaum, o Eichenbaum» frå 1843 om Det tyske riket, eller den amerikanske «O Lutefisk».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«O Tannenbaum» er blitt spelt inn av mange ulike artistar på ulike språk. Nokre av artistane som har spelt han inn er Kiri Te Kanawa, Andrea Bocelli, Nat King Cole og Natalie Cole, Oscar Peterson, They Might Be Giants og Smokie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Perry, Joe (2010). «Scripting a National Holiday». Christmas in Germany: A Cultural History. University of North Carolina Press. s. 17. 
  2. Perry 2010, s. 139.
  3. 3,0 3,1 James A. Davis (2019). Maryland, My Maryland: Music and Patriotism During the American Civil War. U of Nebraska Press. 
  4. James A. Davis (2019). Maryland, My Maryland: Music and Patriotism During the American Civil War. U of Nebraska Press. 
  5. «Es lebe hoch, es lebe hoch, der Zimmermannsgeselle — Liederlexikon», www.liederlexikon.de, henta 15. desember 2018 
  6. Ernst Anschütz: Musikalisches Schulgesangbuch. Heft 1. Reclam, Leipzig 1824, S. 134 f. (Digitalisat der Herzog August Bibliothek).
  7. Wook Kim (17. desember 2012). «Yule Laugh, Yule Cry: 10 Things You Didn't Know About Beloved Holiday Songs (With holiday cheer in the air, TIME takes a closer look at some of the weird stories behind our favorite seasonal tunes)». TIME. «O Tannenbaum» (s. 5)
  8. Tobias Widmaier (2007). «O Tannenbaum». Populäre und traditionelle Lieder. Historisch-kritisches Liederlexikon des Deutschen Volksliedarchivs. 
  9. Perry, Joe (2010). «Christmas in Enemy Territory». Christmas in Germany: A Cultural History, University of North Carolina Press. s. 131. 
  10. 5 Christmas in the Third Reich. Christmas in Germany: A Cultural History. s. 222. doi:10.5149/9780807899410_perry.9.