Åbjøra i Nordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Åbjøra eller Åelva som ho vert kalla til dagleg er ei elv i Bindal kommune i Nordland fylke. Ho renn frå Åbjørvatnet og gjennom Åbygda. Ho munnar ut i fjorden, ikkje langt frå tettstaden Terråk. Elva er lita, men ei god lakse- og sjøaureelv. Elva vart fram til 1970-talet nytta til tømmerfløting. Dette opphøyrde då Åbygda fekk fast vegforbindelse (Fv1) først til Helstad i 1973 og til Terråk i 1980.

Ein del av Åelva som liknar på ein liten fjord, vert kalla Floet. Denne «fjordarmen» er konstant brakkvasshaldig på grunn av eit stadig tilsig av sjøvatn kvar gong sjøen flør opp.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.