Ådne Søndrål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ådne Søndrål

Ådne Søndrål (fødd 10. mai 1971) på Notodden) er ein norsk skøyteløpar.

Søndrål var blant verdas beste 1500-meterløparar gjennom det meste av 1990-talet. Han fekk sølv i Vinter-OL 1992 i Albertville, 0,04 sekunder bak Johann Olav Koss. I OL på Lillehammer i 1994 kom han på 4. plass. Han vann OL-gull på 1500 meter i 1998 i Nagano, på ny verdsrekord (1.47,87). Etter desse olympiske leikane vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris. Seinare i sesongen forbetra han verdsrekorden på nytt (1.46,43) i Calgary.

Han var også blant favorittane før OL i 2002, men måtte nøye seg med bronsemedalje etter skadeproblem i vekene før OL. Dermed har han medaljar i samtlege valørar på 1500 meter, pluss fjerdeplassen frå 1994.

Han starta karrieren som allroundar, men hadde ikkje suksess i dei internasjonale samanlagtmeisterskapa. Frå 1996 valde han å spesialisere seg på 1000 og 1500 meter. I 1999 prøvde han seg på allround igjen, og oppnådde si beste plassering i eit internasjonalt allroundmeisterskap - 6. plass i VM på Hamar.

I løpet av karrieren tok Søndrål 4 gull og 6 sølv i VM på enkeltdistansar. Han har 26 enkeltsigrar i verdscupen (7 på 1000 meter og 19 på 1500), og han vann verdscupen samanlagt to gonger (1500 meter i 1999 og 2000.

Søndrål vart noregsmeister på skøyter allround i 1995 og sprint i 1998, og han har to NM-titlar på 500 m, 6 på 1000 m og 4 på 1500 m.

Under Vinter-OL 2002 vart han vald som utøvarane sin representant i den internasjonale olympiske komitéen.

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • 500 m - 35.72
  • 1000 m - 1.08.15
  • 1500 m - 1.45.26
  • 5000 m - 6.40.53
  • 10 000 m - 14.13.12

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]