Åfjordsbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åfjordsbåten «Skårungen».
Den aller minste utgåva av åfjordbåten, ein såkalla to-kne-færing.
Foto: Trondheim byarkiv
Fembøring med segl.

Ein åfjordsbåt eller åfjording er ein tradisjonell open, spissgatta ro- og seglbåt frå Fosen, Namdalen og området kring Trondheimsfjorden.[1] Namnet «åfjordsbåt» kjem av at den viktigaste staden der desse båtane har vorte bygde er Åfjorden i Fosen. Typiske trekk for åfjordsbåten, som på Nordmøre gjerne blir kalla grisbåt, er lang og grunn kjøl og rette og bratte stamnar.[2] Åfjordsbåtane er tradisjonelt rigga med eit relativt høgt og smalt, symmetrisk råsegl. Dei største båtane kan i tillegg ha eit toppsegl.

Åfjordsbåten er ein relativt moderne båttype som truleg vart utvikla kring 1700-talet, men det finst ikkje dokumentasjon før tidleg på 1800-talet[2]. Før den tida ser det ut til at geitbåtar av nordleg type vart bruka der åfjordsbåten seinare slo gjennom. Utover 1800-talet og innpå 1900-talet vart åfjordsbåten etterkvart vanleg heilt sørvest til Smøla på Ytre Nordmøre.

Klassifisering av åfjordsbåtar
Rom Nemning Lengd
 2  Færing, småfæring, to-kne-færing   4,7-5,3 m (14- 14 fot) 
 2 1/2   Storfæring, hundromsfæring  5,7-6,7 m (17-20 fot) 
 3  Seksring, seksstreng  7-8 m (21-24 fot) 
 3 1/2   Hardfjermeng, halvfjerderømming  8-9 m (24-27 fot)) 
 4  Fyring, fyreng, firromsbåt  9-9,7 m (27-29 fot) 
 4 1/2   Storfyring, lestafyring, halvfemterømming    10-10,3 m (30-31 fot) 
 5  Femrøing, lestabåt  10,7-11,3 m (32-24 fot) 
 6  Fembøring, fembørdeng  12-13,2 m (36-40 fot) 
 7-8  Torskgarnsbåt, vinterbåt  13,3-14,7 m (40-44 fot) 
 8-10  Storbåt, lofotbåt  13,3-20 m (40-60 fot) 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. A. Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag, Norske båtar bind IV, Grøndahk & søn AS, 1983.
  2. 2,0 2,1 A.R. Hole, Båter og kystfolk, Aschehoug, 2007.