Åge Storhaug
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åge Storhaug (5. april 1938–18. april 2012) var ein tidlegare norsk turnar frå Klepp kommune på Jæren. Han fekk sylvmedalje i sprang i Europameisterskapen i 1965. I perioden 1961–1971 vann han alle seks nordiske meisterskap, og han vart noregsmeister heile fjorten gonger. Åge Storhaug turna for Klepp Turnforening. I perioden 1974–1983 var han trenar for det norske herrelandslaget i turn.
I 1965 vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje. I 2001 vart han utnemnd til æresmedlem i Norges Gymnastikk- og Turnforbund.