Ågrip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ágrip af Nóregs konunga sögum

Ågrip eller Ágrip af Nóregs konunga sögum, som tyder noko slikt som «Utdrag frå norske kongesagaer», er skrive ein gong rundt 1190 av ein ukjend forfattar, truleg av ein nordmann i Nidaros. Det er den eldste av alle dei norske kongesogene ein kjenner til.

Teksten er eit samandrag om historia om dei norske kongane, skrive på gammalnorsk. Den etterlatne teksten byrjar med døden til Halvdan Svarte og endar med tiltredinga av Inge Krokrygg. Det vil seie frå om lag 880 og fram til om lag 1136. Både byrjinga og slutten av verket har gått tapt. Ein meiner at originalen har dekt ein større periode, truleg heilt opp til regimet til kong Sverre Sigurdsson. Det var kanskje kong Sverre sjølv som bestilte verket for at han utover si eiga soge, som vart skrive av Karl Jónsson, ønskte å sjå livsverket sitt i ein større samanheng.

«Forfatteren har nyttet både latinske og norrøne skrifter, men også norsk tradisjon, særlig trøndersk, og han viser god kjennskap til norsk lovgivning. Noen god forteller er han ikke, og komposisjonen er ytterst klosset,» skriv brørne Beyer i si Norges litteraturhistorie.[1]

Den vanlege oppfatninga er at den ukjende forfattaren er ein prest med nær tilknyting til erkesetet i Nidaros i Trøndelag. I utgreiinga om hardstyret Noreg vart utsett for etter slaget på Stiklestad, nemner han òg skattebyrda som Alfivasønene innførte (Ågrip;58). Det gjeld tidsrommet like før 1035:

«Kvar mann som rodde på havet, skulde leggja landvorde til kongen kvar han så rodde ut ifrå, det er fem fiskar. Kvart skip som for burt frå landet, -på det skulde kongen lasta eitt rom tvers yver skipet. Kvar mann som for til Island, både innlendsk og utlendsk, skulde leggja landøyre.» [2]

Ågrip vert ofte samanlikna med to andre norske samandrag av norsk historie frå same periode, Historia Norvegiæ og Historia de Antiquitate Regum Norwagiensium, skrive av Theodoricus monachus. Begge desse vart skrive på latin, medan Ågrip var banebrytande ved å nytte det språket som vart talt i Noreg i samtida. Det einaste eksisterande manuskriptet er frå første halvdel av 1200-talet i ei islandsk handskrift og vert no oppbevart på Den Arnamagnæanske Samling i København, kategorisert som «AM 325 II 4to».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Beyer, Harald og Edvard, Norges litteraturhistorie, Oslo 1978. Side 40.
  2. Ågrip or Noregs kongesoger, nynorsk umsetjing ved Gustav Indrebø, Det norske samlaget, 1973

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]