Åkerdylle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åkerdylle


Sonchus arvensis flowerhead1.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae Korgplantefamilien
Slekt: Sonchus Dylle
Art: S. arvensis
Vitskapleg namn
Sonchus arvensis

Åkerdylle er ei fleirårig urt i korgplantefamilien. Arten er kosmopolitt i si utbreiing. Planta har lange krypande jordstenglar. Buktfinna snaue blad med runde øyre. Korgskaft og korgdekke har gule kjertelhår. 4-5 cm brei korg med mørkgule kroner. Frukt til slutt brun., 3-3,5 mm lang. Blomstrar kring juli månad på havstrender og avfallsplassar, og i åkrar, der planta er eit ugras.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dansk wikipedia.
  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.