Åkerrikse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åkerrikse


Corncrake.jpg

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Crex
Vitskapleg namn
Crex crex

Åkerrikse (Crex crex) er ein trekkfugl i riksefamilien. Han finst i det meste av Europa, men i Noreg er han kritisk trua (CR - på norsk raudliste 2006).

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Åkerriksa er ei mellomstor rikse som måler 27–30 cm og har eit vengespenn på 42–53 cm. Hannfuglane veg i gjenomsnitt 165 gram og hofuglane 145 gram. Fjørdrakta er kryptisk farga i brune, svarte og grå nyansar som gir bra kamuflasje. Fjørene på isse og rygg hos den adulte hannen har svart midtparti, brun spiss og sandfarga og grå brem, noko som gir eit svartprikka inntrykk i felt. Dei øvre vengedekkfjørene er distinkt raudbrune. Ansiktet, strupen og brystet er blågrå, utover det lysbrune augestreket som strekker seg frå nebbasen og møter det brune på halsen. Buken er lysgrå og kroppssida streka i kvitt og raudbrunt. Den kraftige nebben er kjøttfarga, irisen brun og føter og bein er lyst grå.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Åkerriksa kan legga egg frå mai til juli, av og til i august.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]