Åkerrull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Traktor med åkerrull i Herefordshire i Storbritania.

Åkerrull (og kalla konkestokk eller trommel) er eit jordbruksreiskap som vert nytta for å knusa jordklumpar og pakka saman jord etter såing, slik at ho ikkje tørkar ut. Dei eldste åkerrullane var laga av ein tømmerstokk og vart dregne av hestar. I dag er åkerrullar laga av stål og vert dregne av ein traktor. Det finst fleire typar åkerrullar, nokre er heilt glatte, medan andre er sett saman av stålringar med piggar på. Den siste typen er meir effektiv for å knusa klumpar og jamna overflata, medan glatte rullar pakkar overflata betre. Der det er lite nedbør er det spesielt viktig å hindra uttørking, så glatte åkerrullar vert ofte nytta. Nokre åkerrullar er sett saman av fleire tromlar etter kvarandre. Ein har då gjerne ein piggringrull fremst, som knusar klumpar, og ein glatt rull bak denne, som pakkar overflata.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Åkerrull