Åkra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åkra gamle kyrkje
Foto: C. Christensen Thomhav / Riksantikvaren

Åkra er eit sokn i Karmøy kommune i Rogaland fylke, som òg har vore ein eigen kommune. Dei aller flesta av innbyggjarane bur i tettstaden Åkrehamn/Vedavågen.

Åkra sokn[endre | endre wikiteksten]

Soknet ligg på vestsida av øya Karmøy og høyrer til Karmøy prosti. Det har 7 908 innbyggjarar (2013). Den nørdste delen av soknet vart i 2012 utskild som Vedavågen sokn.

Åkra kommune[endre | endre wikiteksten]

Åkra sokn var frå byrjinga ein del av Skudenes kommune, men vart i 1892 frådelt som ein eigen kommune, då med 1 962 innbyggjarar. I 1965 vart Åkra kommune med 6 008 innbyggjarar oppløyst og gjekk opp i den nyoppretta Karmøy kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]