Åkviksundet bru
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Åkviksundet bru | |
Foto: Eirik Berg Hanssen |
|
| Kryssar | Åkviksundet |
|---|---|
| Utforming | fritt frambygg-bru |
| Lengste spenn | 135 m. |
| Total lengd | 285 m. |
| Seglingshøgd | 24,2 m. |
| Opna | 19. juni 1999 |
Åkviksundet bru er ei fritt frambygg-bru som kryssar Åkviksundet mellom øyane Dønna og Staulen i Nordland. Brua er ein del av vegsambandet mellom Herøy og Dønna, riksveg 828. Åkviksundbrua er 285 meter lang, med hovudspenn på 135 meter og seglingshøgde 24,2 meter. Brua har tre spenn. Ho vart opna av kong Harald V den 19. juni 1999.