Ål kommune
| Ål kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0619 |
| Fylke | Buskerud |
| Adm.senter | Ål i Hallingdal |
| Areal | 1 172 km² |
| Folkemengd | 4 736 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Ivar Brevik (Sp) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.aal.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Ål kommune på Commons | |
Ål kommune ligg i Hallingdal i Buskerud fylke og grensar i aust til Gol og Nes, i sør til Nore og Uvdal, i vest til Hol og i nord til Hemsedal og til Lærdal i Sogn og Fjordane.
Administrerande senter i kommunen er Ål i Hallingdal. Lokalavisa er Hallingdølen, som òg dekkjer fem andre kommunar.
Geografi [endre]
Ål er ein middels stor fjellkommune i øvre Hallingdal som strekkjer seg nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Hallingdal dannar hovuddalen i Ål og går gjennom kommunen i den sørlege delen frå vest til aust. Hallingdalselve dannar i Ål den lange og smale Strandefjorden. Innan kommunen ligg bygdene Vats, Leveld, Votndalen, Torpo, Uppheim, Kvinnegardslia, Øvre-Ål, Sundre, Breie og Strand. Over fire femdelar av kommunen ligg meir enn 900 moh, med nærare 1700 sjøar og vatn. Det høgste punktet er Raubergnuten på 1818 moh. Kommunesenteret er Sundre i Ål sentrum, eit stykke austanfor Strandafjorden.
Næringsliv [endre]
Ål har eit allsidig næringsliv (med ei fordeling av sysselsette på primærnæring 11%, industri 13%, bygg og anlegg 10%, tertiærnæring 29% og offentleg forvaltning 33% [2]).
Det er mykje eng og beitemark i kommunen og fleire setrar er framleis i drift. Turistnæring er ei viktig satsing i Ål med kring 2500 hytter, nokre hotell, to alpinanlegg og fleire preparerte løyper, men kommunen er ikkje ein like utprega turiststad som Geilo, Gol og Hemsedal. I tettstaden Ål kjem avisa Hallingdølen ut tre gonger i veka, på tysdagar, torsdagar og laurdagar[3].
Ål er eit skulesenter, med Ål vidaregåande skule, Lien landbruksskule og Ål folkehøyskole og kurssenter for døve. Hallingdal Sjukestugu er distriktsmedisinsk senter i Hallingdal og ligg på Sundre.
Samferdsle [endre]
Bergensbanen går gjennom Ål på sørsida av dalen med stasjonane Ål og Torpo i kommunen. På nordsida av dalen går riksveg 7 Bergen–Oslo. Nordover til bygdene Leveld og Vats er det fylkesveg, sameleis opp dalføret i Kvinda til Myking. Fleire av vegane i fjellet er bygd ut i samband med kraftutbygginga.
Kjente personar frå Ål [endre]
- Aagot Noss, tradisjonsforskar
- Hellbillies, countryrock-gruppe
- Olav Thon Milliardær
- Stein Torleif Bjella Musiker
Bakgrunnsstoff [endre]
- Ål kommune
- Vêrvarsel for Ål - yr.no
- Kommunefakta Buskerud - SSB
- Hallingdølen - lokalavis i Ål
- Ål kulturhus - informasjon om kultur i Ål
- Velkommen til Ål i Hallingdal - turistinformasjon om Ål i Hallingdal
- Heimbygda - Ål si historie i tekst og bilete
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ Drangsland, Kari Anne K. og Stig-Erik Jakobsen: Sluttevaluering av omstillingsprogrammeti Ål. Samfunns- og næringslivsforskning AS. http://www.innovasjonnorge.no/TP_fs/Regional_Omstilling/Dokumentasjon%202010/Ål.pdf
- ↑ http://www.hallingdolen.no/
| Kommunar i Buskerud | ||
|---|---|---|
| Drammen · Flesberg · Flå · Gol · Hemsedal · Hol · Hole · Hurum · Kongsberg · Krødsherad · Lier · Modum · Nedre Eiker · Nes · Nore og Uvdal · Ringerike · Rollag · Røyken · Sigdal · Øvre Eiker · Ål | ||