Ålfoten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For fjorden med same namn sjå Ålfotfjorden

Ålfoten
Norway aalfoten12.jpg
Geografi
Kommune Bremanger
Fylke Sogn og Fjordane
Annan informasjon
Ferdselsårer 614
Preposisjon i Ålfoten
Kart
Ålfoten is located in Sogn og Fjordane
61°50′29″N 5°40′28″EKoordinatar: 61°50′29″N 5°40′28″E

Ålfoten er ei bygd i Bremanger kommune, og ligg på sørsida av Nordfjord. Bygda består av fire bygdelag; Førde, Sigdestad, Myklebust og Vik, og har om lag 200 innbyggjarar. Skulen som var nybygd i 1994, har elevar opp til 7. klasse, og barnehage i same bygget. Kyrkja i Ålfoten er ei gamal trekyrkje frå 1678.

I Ålfoten ligg to kraftstasjonar, ein i Åskora og ein ved Yksneelvane. Det blei opna veg mellom dei i august 2004.

I sørvest ligg Ålfotbreen, og aust for denne ligg Gjegnalundsbreen. På sørsida av Ålfotfjorden ligg dei tre fjella Hesten, Bukkenibba og Blånibba (Gjegnen). Nord for bygda ligg fjella Kårnyken, Kvasshornet og Klakegga. Bygda har tre dalar, Førsdalen, Sigdestaddalen og Myklebustdalen. I Førsdalen ligg vatna Osvatnet, Vasslidvatnet og Urvatnet. Lengst ute i dalen ligg Store Førsvatnet, eller Hjelmevann som det blir kalla i Svelgen.

Bygda har veg gjennom Myklebustdalen til kommunesenteret Svelgen, til Ytre Bremanger via den undersjøiske Skatestraumtunnellen under Skatestraumen og til nordsida av Nordfjorden med ferja Isane-Stårheim.

Ålfoten høyrde til Davik kommune fram til 1. januar 1965.