Ålgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ålgård
Ålgård stasjon, som no er nedlagd.
Ålgård stasjon, som no er nedlagd.
Geografi
Kommune Gjesdal
Fylke Rogaland
Folkemengd ca 9000
Annan informasjon
Ferdselsårer E39
Postnummer 4330 ÅLGÅRD
Preposisjon Ålgård

Ålgård er kommunesenteret i Gjesdal kommune i Rogaland fylke. Tettstaden ligg 10 km sør for Sandnes der Figgjoelva renn ut av Edlandsvatnet. I tillegg til gamle Ålgård sentrum kan no Bærland, Fiskebekk, Opstad og Solås reknast som ein del av tettstaden. Rundt rekna 9000 av dei 10 208 innbyggjarane i kommunen bur på Ålgård.

Ålgård voks fram kring De Forenede Ullvarefabrikker (DFU). Fabrikken vart grunnlagd av haugianaren Ole Nielsen i 1870. Fabrikken låg før dette på Eikeland i Sandnes, men vart flytta til Ålgård. På Ålgård kunne ein nytta vasskraft til å driva maskinar. I tillegg ligg Ålgård i eit område med mange gardbrukarar. Mange av gardbrukarane driv med sauehaldt. Slik var ikkje vegen lang for å skaffa ull. Ole Nielsen nøgde seg ikkje berre med å byggja ein fabrikk. I tillegg gjorde han opptak til ein skule og Ålgård kyrkje.

Ålgårdbanen vart opna i 1924. Banen gjekk mellom Ålgård og Sandnes, og var meint som ein del av Sørlandsbanen. Traséen vart utsprengd til Kyllingstad i retning Vikeså, men Stortinget omgjorde vedtaket om ein indre trasé og la banen om Jæren.

Fabrikken er lagd ned, men bygningane vert bruka til kjøpesenteret (Magneten) og bibliotek (Veveriet). I dag har Ålgård industri gjennom mellom anna Jæder. I 1986 opna fritidsparken Kongeparken.

Fotballklubben Ålgård FK har mange medlemer. Gjesdal IL har i fleire år gjort det skarpt i Holmenkollstafetten.