Ålvik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Elkem Bjølvefossen i Ålvik | ||
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Kvam i Hordaland | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 571 (2011) | |
| Folketettleik | 607,4 /km² | |
| Areal[1] | 0,94 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 7 | |
| Postnummer | 5605 ÅLVIK | |
| Preposisjon | i Ålvik | |
Ålvik er ein tettstad i Kvam herad, som består av dei to bygdene Ytre Ålvik og Indre Ålvik. Bygdene ligg på kvar si side av ein åsrygg. [2] Indre Ålvik har vore sterkt prega av industri sidan byrjinga av 1900-talet. Dei to bygdene ligg ved Ålvikbukta i Hardangerfjorden. Fylkesveg 7 går gjennom Ålvik.
Indre Ålvik vart ein industristad frå 1905 då smelteverket Bjølvefossen A/S starta opp. Verket er no overtatt av Elkem og heiter Elkem Bjølvefossen. Elkem blei seld til kinesiske eigarar hausten 2010. Verket har vorte rasjonalisert og folkemengda i Ålvik sokk med 10 % i perioden 1999 til 2005. Drifta av smelteverket har grunna seg på vasskraft frå vasskraftverket Bjølvo kraftverk, ombygd til Nye Bjølvo kraftverk.
Innhaldsliste |
[endre] Kjende personar frå Ålvik
- Frode Aga (f. 1955) - kokk
- Erik Fossåskaret (f. 1947) - faglitterær forfattar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag
[endre] Litteratur
- Erik Fossåskaret og Frode Storås (red.): Ferrofolket ved fjorden. Globale tema i lokal soge - Bjølvefossen, Ålvik, Hardanger. Bergen 1999. ISBN 82-7326-057-7
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
- ↑ Ålvik.info