Ålvundeid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålvundeid
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Sunndal
Postnummer 6620 ÅLVUNDEID
Kart
Ålvundeid kommune
62°49′33″ N 8°31′19″ E
Wikimedia Commons: Ålvundeid

Ålvundeid eller Ålvundeidet er ei bygd i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Ålvundeid var ein sjølvstendig kommune frå 1899 til 1960.

Ålvundeid kommune 1899-1960[endre | endre wikiteksten]

Ålvundeid var frå 1837 ein del av Øksendal formannskapsdistrikt.

1. januar 1899 vart Ålvundeid skild ut som eigen kommune med eit folketal på 462.[1]

1. januar 1960 vart Ålvundeid slått saman med Sunndal og Øksendal til dagens Sunndal kommune. Ålvundeid hadde ved samanslåinga 497 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Ålvundeid var den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal i første halvdel av 1900-talet og heilt fram til 1952, då kommunen passerte Eid kommune i folketal.

Folketalsutvikling for tidlegare Ålvundeid kommune frå 1899 til 1960:

1.1.1899[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1960[1]
462 385 387 448 455 513

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. Folkemengd i Ålvundeid 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå