Åmot i Vinje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åmot
tettstad
Bussmøte i Åmot i Vinje.
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Vinje
Areal 1,1 km²
Folketal 725  (2023)
Folketettleik 659 / km²
Postnummer 3890 VINJE
Preposisjon i Åmot
Kart
Åmot
59°34′18″N 7°59′18″E / 59.57165°N 7.9883194444444°E / 59.57165; 7.9883194444444
Wikimedia Commons: Åmot, Vinje

Åmot er ein tettstad og administrasjonssenteret i Vinje kommune i Telemark fylke. Tettstaden ligg like ved europaveg 134 og har 725 innbyggjarar per 1. januar 2023. Namnet Åmot tyder «elvemøte» ettersom tettstaden ligg der Vinjeåi renn ut i elva Tokke, som går vidare til innsjøen Bandak. Om lag 25 kilometer sør ligg Dalen i Tokke kommune.

Åmot er eit knutepunkt for vegnettet i Vest-Telemark. Her møtest europaveg 134 (HaugesundDrammen), fylkesveg 37 (Åmot–TinnKongsberg) og fylkesveg 38 (Åmot–DalenKragerø). Bussruta Haukeliekspressen Haugesund–Oslo går gjennom Åmot.

Åmot har barnehage og grunnskule. Tettstaden er eit lokalt handelssenter for området, med ei rekkje butikkar. Næringslivet elles femner eit turisthotell og verksemder innan trevare- og verkstadindustri.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Åmot – Vinje». Store norske leksikon. 4. januar 2018. Henta 25. april 2018.