Ånd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ånd eller ande er eit mangetydig omgrep som vert bruka i filosofi og religion.

I norsk kultur kan ordet brukast synonymt med sjel. Samtidig kan ordet ånd brukast om ei sjel utan lekam, nærast som eit spøkjelse. Ordet ånd kan også brukast synonymt med medvit.

I religiøs samanheng kan ein snakke om gode og onde åndar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet ånd kjem truleg gjennom dansk frå norrønt ǫnd, som kunne tyde både 'ande, pust' og 'sjel; liv', og det er nærskyld med ordet ande, av norrønt 'andi (m).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]