Ånderdalen nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ånderdalen nasjonalpark
Område Troms
Oppretta 1970
Utvida 1975 og 2004
Areal 000000000000125.0000000000125 km²

Ånderdalen nasjonalpark omfattar areal i kommunane Tranøy og Torsken i Troms.

Nasjonalparken er karakteristisk for vår varierte nordlege kystnatur. Golde fjell med heier og glissen bjørkeskog pregar mykje av nasjonalparken. Mellom fjella ligg vatn og breie elvar med hissige stryk og fossar. Skogen av kystfuru inneheld opptil 500 år gamle tre.

Vegetasjonen i Ånderdalen har relativt få artar. Det er fordi berggrunnen er av lys, hard granitt som gjev dårleg jordsmonn når han forvitrar. Klimaet, med mykje nedbør og låge temperaturar, gjer òg sitt til at berre dei mest hardføre artane trivst her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]