Ångardsvatnet
| Ångardsvatnet | |
|---|---|
|
Foto: Simund Rise |
|
| Stad | Oppdal (Sør-Trøndelag) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 3,24 km² |
| Kystlengd1 | 11,32 km |
| Høgd over havet | 583 moh |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Ångardsvatnet[1] er eit vatn som ligg i Storlidalen[2] ein del av Lønset kyrkjesokn i Oppdal (Sør-Trøndelag),.
Geografi [endre]
Vatnet er det største av innsjøane i Lønset og ligg i sjølve Trollheimen, ca 35 km (austenden) vest for Oppdal sentrum og er omgjeve av fjella Gråfjellet, Kråkvasstind og Lorthøa i sør og Bårdsgardskammen og Okla i nord. Ångardsvatnet er bunde saman med Dalsvatnet gjennom Haugelva (1,7 km lang). Innsjøen vart regulert i samanhang med utbygginga av Driva kraftverk som vart opna i 1973. Reguleringa gjorde at elva Vindøla, som renn ut i austenden av Dalsvatnet og går saman med Driva rett nedanfor tettstaden Lønset har svært lita vassføring i delar av året.
Brukshøve [endre]
Innsjøen gjev gode høve til bading og andre aktivitetar (fiske og båtturar) om sommaren. Lønset grunneigarlag disponerer fiskerettane og sel fiskekort for sportsfiske. Om vinteren gjev det høve til aktivitetar i preparerte skiløyper i tillegg til gode høve til isfiske. Kvart år vert det arrangert isfiskekonkurranse[3] ved påsketid.