Ångströmeksponent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ångströmeksponenten er namnet på ein eksponent i likninga som skildrar korleis den optiske tjukkleiken til aerosolar er avhegngig av bølgjelengda til lys (eller anna stråling).

Storleiksfordelinga til partiklane spelar ei rolla for den optiske tjukkleiken, og er gjeve ved tilnærminga

\frac{\tau_\lambda}{\tau_{\lambda_0}}=\left (\frac{\lambda}{\lambda_0}\right )^{-\alpha}

der \tau_\lambda er den optiske tjukkleiken ved bølgjelengd \lambda, og \tau_{\lambda_0} er den optiske tjukkleiken til referansebølgjelengda \lambda_0. Visst ein kjenner den optiske tjukkleiken ved ei bølgjelengd og ångströmeksponenten, kan ein i prinsippet rekne ut den optiske tjukkleiken for alle andre bølgjelengder. I praksis blir den optiske tjukkleiken til eit lag med aeroslar målt ved to forskjellige bølgjelgender, og ångströmeksponenten blir estimert ut frå desse målingane ved å bruke denne formelen.

For målingar av optisk tjukkleik \tau_{\lambda_1}\, og \tau_{\lambda_2}\, ved to forskjellige bølgjelengder \lambda_1\, og \lambda_2\, er ångströmeksponenten gjeve ved

\alpha = - \frac{\ln \frac{\tau_{\lambda_1}}{\tau_{\lambda_2}}}{\ln \frac{\lambda_1}{\lambda_2}}\,

Ångströmeksponenten er omvendt proporsjonal med storleiken til aerosolane, altså jo mindre partiklar, jo større eksponent. Denne eksponenten blir no rutinemessig estimert ved å analysere målingar av stråling i jordatmosfæren.