Årø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årø
stad
Land  Noreg
Kart
Årø
62°45′05″N 7°16′00″E / 62.7514°N 7.26667°E / 62.7514; 7.26667

Årø er ein stad i utkanten av Molde. Årø har ein del industri og nokre handelsbedrifter og er eit viktig trafikknutepunkt der riksveg 64 mellom Åndalsnes og Kristiansund kryssar E39 like ved Molde lufthamn, Årø.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Norrønt Árøy, samansett av ár, genitiv av å (mindre elv) og øy, flat strekning ved vatn. Offisiell skrivemåte var til 1995 Årøy, i samsvar med eldre uttale.

I matrikkelen består staden av Årø ytre (gnr. 33), Årø indre (gnr. 34) og Årøneset (gnr. 35) i Molde kommune.

Årø ligg om lag 5 km aust for Molde sentrum ved Fannefjorden. Molde Lufthamn ligg ved utløpet av Årøelva på Årø. Av øvrige store bedrifter på Årø finn ein Oskar Sylte Mineralvannfabrikk og Brunvoll thruster. Årø har òg hatt konfeksjonsindustri då Høvding Konfeksjonsfabrikk hadde produksjon der. Området er derimot ikkje noko industristad, men eit bustadområde som består av av einebustader bygd i åra frå om lag 1960 og framover til Molde Lufthamn opna i 1972 og det vart innført begrensingar i nyetableringane. Desse begrensingane vart seinare oppheva og dei seinare åra er det bygd fleire nye einebustader på Årø. Det ligg òg nokre større, eldre og staselege gardar, som til dømes Krohngården, på Årø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]