Åraksfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åraksfjorden
Åraksfjorden - Åraksfjorden til høgre sett sørover
Åraksfjorden til høgre sett sørover
Stad Bygland (Aust-Agder)
Koordinatar 58°55′32″N 07°42′42″EKoordinatar: 58°55′32″N 07°42′42″E
Overflateareal 11,96 km²
Kystlengd1 45,22 km
Høgd over havet 203 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Åraksfjorden er ein innsjø som ligg i Bygland kommune i Aust-Agder. Han er ein del av Otravassdraget. Åraksfjorden strekkjer seg frå Storstraumen i sør til Ose og er den nordlege delen av Byglandsfjorden. Namnet har han fått av bygda Åraksbø som ligg på austsida av Åraksfjorden.

På vestsida av vatnet ligg Skomedal og Frøysnes, på austsia Sandnes og Åraksbø. Riksveg 9 kryssar Byglandsfjorden ved Storstraumen og følgjer vestsida vidare nordover.

Den sørlege delen av Åraksfjorden har namnet Bjåfjorden, medan den midtre delen vert kalla Sandnesfjorden.

Åraksfjorden vert sommarstid traffikert av veterandampbåten «Bjoren».

Spire Denne geografiartikkelen som har med Aust-Agder å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.