Åre i Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°23′53.833″N 13°5′4.9812″E

Åre er ein svensk tettstad i Åre kommun i Jämtlands län i Jämtland. I 2005 hadde tettstaden 1 260 innbyggjarar.

Åre er ein populær vintersportsstad og har òg ein 18-hols golfbane. Åre har arrangert VM i alpint to gonger, 1954 og 2007.

Åre har søkt om å få arrangere Olympiske vinterleikar heile sju gonger, i 1984 og 1988 saman med Falun og i 1992, 1994, 1998, 2002 og 2004 saman med Östersund utan å lukkast.

Alt på 1100-talet stoppa tusenvis av pilegrimar frå heile Europa ved Åre gamle kyrkje på veg til grava til Olav den heilage i Nidaros.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]