Året gjennom Børfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Året gjennom Børfjord
Språk Norsk
Sjanger Kortfilm
Manus Morten Skallerud
Musikk Jan Garbarek
Sjeffotograf Morten Skallerud
Klipp Morten Skallerud
IMDb-profil

Året gjennom Børfjord er ein kortfilm frå 1991 regissert av Morten Skallerud. Filminga vart gjort på 70 mm film, over fleire år og årstider. Filmen syner eit helt år i Børfjord i løpet av 12 minutt. Børfjord er eit fråflytta fiskevær i Finnmark. Filmen syner at om vinteren er det mest folketomt, medan sommarstider kjem sommargjestane til bygda. Filmkameraet vart flytta litt dag for dag, og slik vert ein teke kring heile fjorden tilsynelatande saumlaust gjennom det året som passerer. Ved hjelp av ein spesielt utvikla teknikk "køyrer" ein den 2,5 km lange vegen gjennom bygda i eitt samanhengjande bilete medan året går unna i 50 000-dobbel normal fart. Musikken til filmen er musikkstykket Twelve Moons, komponert til filmen av Jan Garbarek. Filmen er tradisjonelt opningsfilm på den årlege 70 mm-festivalenCinemateket i Oslo.

Filmen vann Amandaprisen for beste kortfilm i 1991, og Grand Prix på Tampere kortfilmfestival i 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]