Aarhus rådhus
Aarhus rådhus er rådhuset i Århus på Jylland i Danmark. Rådhuset vart innvia 2. juli 1941. Det er teikna av arkitektane Arne Jacobsen og Erik Møller. Oppføringa av rådhuset vart vedtatt på byrådsmøte 18. november 1937. Aarhus rådhus vart freda i mars 1994 på grunn eineståande arkitektur. I det første prosjektforslaget var rådhuset utan tårn, men etter stort folkeleg press vart det teikna inn eit rådhustårn.
Prisen var 8 millionar danske kroner, inkludert grunnarealet. I tillegg kom utgifter til inventar på 1,5 millionar danske kroner.
Rådhuset har eit areal på 19 380 m², inkludert kjellar. Romfanget er på kring 10 000 m³. Tårnet er 60 meter høgt, tårnuret har ein diameter på 7 meter; timevisaren er 2,5 meter og minuttvisaren 3 meter lang.
Bygningen er laga i heilstøypt betong som utvendig er kledt med 6000 m² marmorplater frå Porsgrunn i Noreg.
I januar 2006 vart Aarhus rådhus tatt med under arkitektur i Kulturkanonen.[1][2]
Tidlegare rådhus[endre]
Det første rådhuset[endre]
Det første rådhuset vart oppført i midten av det 15. hundreåret og låg på Store Torv framfor Århus domkirke sitt tårn. Det var rive i 1859.
Det andre rådhuset[endre]
Det andre rådhuset vart oppført i åra 1856–1857 på hjørnet av domkyrkjeplassen og Mejlgade. Offisielt var det eit rådhus, domhus og arresthus, med plass til 28 arrestantar. Etter tida som rådhus var bygningen politistasjon i perioden 1941–1984, og deretter flytta Kvindemuseet i Danmark inn.
Også dette huset er freda.
Referansar[endre]
Litteratur[endre]
- Århus Byhistoriske udvalg, Byens hus, Erhvervsarkivet 1991 ISBN 87-89386-22-1