Åsetesrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åsetesrett er ein rett til å ta over landbrukseigedom ved skifte etter ein slektning i rett oppstigande line (frå foreldre, besteforeldre osv).

Åsetesarvingen har krav på at det ved skjøn blir fastsett ein overtakingspris som er rimeleg etter dei tilhøva som ligg føre. Verdsetjinga skal gjerast med særleg tanke på at overtakaren kan makte å bli sitjande med eigedomen. Åsetestakst må ikkje setjast høgare enn verdien av eigedomen ved odelstakst. Takstfolk har ofte tolka dette slik at åsetestaksten vert sett 25 % lågare enn odelstaksten, men det finst ikkje lovdekning for denne praksisen.

Åsetesrett kan gjerast gjeldande både for odlingsjord og for ein eigedom det er opparbeidd odelsrett til, men ein arving har berre åsetesrett til ein eigedom, om det er fleire gardsbruk i buet.

Åsetesrett er eit gamalt germansk rettsinstitutt. Medan odelsretten har røter langt inn i førkristen tid, vart åsetesretten utvikla gjennom mellomalderen, først ved at eldste son fekk førsteretten til hovudbølet. Åsetesretten slik vi kjenner han, var ikkje etablert før ved utgangen av mellomalderen, i 1539. Han er lovfesta i Lov om odels- og åsetesretten og verna av Grunnlova § 107.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]