Åsskard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åsskard (Åsgård) er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Møre og Romsdal som frå 1837 vart del av Stangvik formannskapsdistrikt.

Åsskard vart skilt ut som eigen kommune 1. mai 1895. Kommunen hadde då 629 innbyggjarar.[1]

1. juli 1915 vart ein del av Halsa kommune med 114 innbyggjarar overført til Åsskard.

1. januar 1965 vart Åsskard kommune og ein del av Stangvik kommune slått saman med Surnadal til dagens Surnadal kommune. Åsskard hadde ved samanslåinga 1014 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Åsskard kommune frå 1920 til 1965:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1965[1]
828 867 1064 1070 1056 1014

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Åsskard 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå