Åsta-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minnesmerke i nærleiken av ulukkesstaden med namna på dei 19 som omkom

Åsta-ulukka var ei jarnbaneulukke som skjedde tysdag 4. januar 2000 ved Åsta sør for Rena i Østerdalen. Eit tog frå Trondheim kolliderte med eit lokaltog frå HamarRørosbanen og det oppstod ein eksplosjonsarta brann. 19 menneske omkom, medan 67 kom frå ulukka med i live.

Hendingsgang[endre | endre wikiteksten]

Det dieseldrivne toget 2302 forlet Trondheim kl. 07.45 om morgonen tysdag 4. januar 2000 med 75 personar om bord. Det var i rute og skulle til Hamar. Ved avgang frå Røros stasjon var toget 21 minutt forseinka pga. forseinkingar med kryssande tog. Forseinkingar vart derimot køyrt inn og ved framkomst og utkøyring frå Rena stasjon var toget berre 7 minuttar forseinka. Ved utkøyring viste signalet «køyr» og loggen som vart teke ut frå Hamar togleiarsentral etter ulukka, indikerer at òg hovudsignalet viste «køyr».

Tog 2369, som òg var dieseldrive, forlet Hamar i rute kl. 12.30 med 10 passasjerar om bord. Toget skulle til Rena, for så å returnere tilbake til Hamar. Ved Rudstad stasjon stoppa toget og plukka opp éin passasjer. Dette skjedde kl. 13.06 og i i følgje ruta skulle toget hatt eit opphald her til kl 13.10 for å avvente det kryssende toget nordfrå. Då toget forlet Rudstad kl. 13.07 med 11 passasjerar, inkludert lokomotivfører og konduktør, viser loggen at utkøyrssignalet ikkje viste «køyr». Loggen viser òg at sporvekselen ved utkøyringa var køyrt opp av nordgåande tog.

Trafikkstyringa på Rørosbanen mellom Hamar og Røros vert styrt av togleiarsentralen på Hamar. Vedkommande togleiar på det aktuelle tidspunktet hadde òg ansvaret for å følgje med på den meir trafikkerte strekninga Hamar – Eidsvoll. Det var ikkje installert lydalarm (akustisk alarm) som varslar at to tog er på kollisjonskurs på denne sentralen og sjølv om ei melding V2 – VEKSELKONTROLL MANGLAR RUDSTAD i raud skrift på skjermen viste at det var i ferd med å skje ei ulukke, vart ikkje togleiaren merksam på dette før om lag kl. 13.11.30, etter 3 minutt.

På tidspunktet for ulukka var det ikkje installert verken ATC (eit system for automatisk stopping av tog) eller togradio. Den einaste måten å få kontakt med toga på, var ved hjelp av mobiltelefon. Numra til lokomotivførarane og konduktørane på dei to togene hadde derimot vorte oppført på feil lister, eller dei hadde ikkje vorte oppført på noko liste i det heile tatt. Derfor var ikkje togleiaren på Hamar i stand til å vite kvar han skulle ringe og kl. 13.12.35 var katastrofen eit faktum.

Utbygging av ATC[endre | endre wikiteksten]

NSB hadde lenge planlagt å bygge ut ATC på Rørosbanen. I 1992 planla NSB at ein utbygging skulle vere fullført innan 1995. Det vart budsjettert separat for dette i statsbudsjetta for 1992 og 1993. NSB la derimot planen til side og brukte pengane til utbygginga av Oslo lufthamn, Gardermoen. I 2004 var ATC utbygd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]