Åstfjorden

Koordinatar: 63°26′44.153″N 9°15′33.894″E / 63.44559806°N 9.25941500°E / 63.44559806; 9.25941500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°26′44.153″N 9°15′33.894″E / 63.44559806°N 9.25941500°E / 63.44559806; 9.25941500 Åstfjorden er ein fjordarm av Hemnfjorden i kommunane Hitra og Orkland i Trøndelag fylke. Fjorden strekkjer seg 14 km austover til Åstsjøen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Tynsøya i nord og Krombukta i sør. Litt inn i fjorden ligg gardsbruka Vågan og Stolpnes. Like aust for Stolpnes snor Bustlivågen seg 6,5 km nordover til Nyheim. Lenger inn i fjorden ligg grenda Mjønes på nordsida. Inst i fjorden opnar han seg opp og midt i denne delen ligg Storøya. Området sør for Storøya vert kalla Sagfjorden, som har ei lengd på 1,8 km. Inst i fjorden ligg garden Åssjøen.

Fylkesveg 714 går langs dei indre delan av fjorden og på nordsida ut til Mjønes før han svingar nordover. Langs heile sørsida av fjorden går fylkesveg 305.