Åtaket i Liège 2011
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Åtaket i Liège 2011 | |
| Stad | Liège i Belgia |
| Dato | 13. desember 2011 |
| Tid | 12:34 (UTC +1) |
| Døde | 6 (inkludert gjerningspersonen) |
| Skadde | 125 |
| Gjerningsperson(ar) | Nordine Amrani |
Åtaket i Liège 2011 fann stad 13. desember 2011, då 33 år gamle Nordine Amrani kasta granatar og avfyrde skot mot sivile på Place Saint-Lambert i sentrum av byen Liège i Belgia. Han drap seks personar, inkludert seg sjølv, og skada 125.
Angrepet starta 13. desember 2011 klokka 12:34 lokal tid på Place Saint-Lambert, staden der rettsbygningen i byen ligg. Vitne rapporterte om fire eksplosjonar og skot. Fyrst vart det anteke at det var to eller fleire overfallsmenn, som kasta granatar inn i rettslokalet. Seinare skaut gjerningsmannen seg sjølv med ein revolver.
Internasjonale reaksjonar [endre]
Luxembourg: Statsminister Jean-Claude Juncker, storhertug Henri av Luxembourg og storhertuginne Maria Teresa av Luxembourg viste støtta si til den belgiske statsministeren Elio Di Rupo.
Storbritannia: Statsminister David Cameron kondolerte den belgiske statsministeren Elio Di Rupo.
Den europeiske unionen: President Herman Van Rompuy viste medkjensla si.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «2011 Belgium bombings» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2011.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Aanslag in Luik frå Nederlandsk Wikipedia .