Åttekantkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hospitalskyrkja - den eldste av åttekantkyrkjene i Noreg
Foto: Mahlum

Åttekantkyrkje eller oktogonal kyrkje er eit kyrkjebygg der grunnplanet er ein rein oktogon, eller der berre sjølve skipet er ein oktogon som er kombinert med tilbygg (armar) for kor og våpenhus (slike tilbygg kan gje heile bygget ei meir langstrakt form som ei langkyrkje) eller der oktogonen har armar til fire sider (som i ei krosskyrkje).[1]

Røros kyrkje er ein særprega variant den åttekanta kyrkjetypen og størst av desse.

Det åttekanta grunnplanet gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn dei krossforma kyrkjene.[2] Kyrkjeforma vart vanleg frå omkring 1700 med Hospitalskyrkja i Trondheim som den eldste.[3]Det var innanfor Nidaros bispedømme åttekantforma først vart vanleg, og dei fleste åttekantkyrkjene var oppført av lafta tømmer.[4]

Blant åttekantkyrkjene finn ein også nokre av landets største kyrkjebygg (dei tre største åttekantkyrkjene er alle i stein):

Form[endre | endre wikiteksten]

Grunnplan for ulike sentralkyrkjer (1-4), samanlikna med grunnplan for langstrakt katedral (5). (1) rotunde, (2) gresk kross, (3) åttekant, (4) kløverbladform med tre apsider.
Alexis de Chateauneufs grunnriss for Trefoldighetskirken i Oslo, gresk kors og åttekant i kombinasjon.
Grunnriss av den åttekanta «rundkyrkja» Zum Friedefürsten i Sachsen; alteret (1) står ved langveggen.
Grytten kyrkje med åttesida tak.

Karakteristisk for åttekantkyrkjene er at grunnplanet er ein rein oktogon, eller berre sjølve skipet er ein oktogon som er kombinert med tilbygg for kor og våpenhus. Åttekantkyrkjene er ei vidareutvikling av idéen bak sentralkyrkjeforma med kyrkjelyden samla i eitt rom omkring alteret.[4][2] Samstundes kan tilbygg for kor og våpenhus gje heile bygget og sjølve kyrkjerommet ei meir langstrakt form som ei langkyrkje). Sjølve åttekanten kan òg ha ei langstrakt form som til dømes i Sør-Fron kyrkje. Åttekantkyrkjer kan ha form som ei sentralkyrkje ved at bygget er symmetrisk omkring ein vertikal akse midt i bygget (tårnet)[7] som i Norddal kyrkje, desse har då eit åttesida «telttak» avslutta med ein takryttar. Andre åttekantkyrkjer er ikkje symmetriske ved at tårnet er plassert over våpenhuset, som i Røros kyrkje. Avslutninga av Nidarosdomen mot aust er åttekanta og blir omtala som oktogonen, men Nidarsdomen er utforma som ein basilika med tverrskip (krossforma) slik at den og har preg av ei krosskyrkje.[2][8] I ein del åttekantkyrkjer er åttekantforma brukt gjennomført til dømes i Lavik kyrkje der det åttekanta tårnet, spiret og takryttaren følgjer forma på skipet.[9]

Åttekantforma kan symbolsk meining ved sida av byggtekniske og praktiske omsyn. Åttetalet er det symbolske talet for dåpsvatnet, og Jesus skal ha stått opp frå dei døde åtte dagar etter palmesøndag.[9]

Dolstad kyrkje er ein kombinasjon av åttekant og krossarmar,[10] og skal opphavleg ha vore bygd for 700 sitjeplassar. Også Hidra kyrkje har tverrarmar i kombinasjon med åttekant. Den store Trefoldighetskyrkja i Oslo kombinerer også åttekantforma med ein gresk kross, samstundes har den med sine store kuppel midt over skipet preg av sentralkyrkje. I Trefoldighetskirken speglar kuppelens åttekant skipets form. Samnanger kyrkje kombinerer basilikapreg med åttekantform ved at hjørna på sideskipa er avkutta slik at bygget får eit åttekanta grunnplan.[11]

I Tyskland vart det på den tida også oppført åttekantkyrkjer, mellom anna i Seiffen i Erzgebirge der kyrkja er ein regelbunden åttekant med små tilbygg som samstundes gjev bygget preg av ein gresk kross.

Konstruksjon og teknikk[endre | endre wikiteksten]

Sør-Fron kyrkje på Hundorp er bygd i stein

Byggemetoden er ofte tømmer (laft), med unntak av mellom anna Sør-Fron kyrkje, Vang kyrkje i RidabuHamar og Røros kyrkje, som er av stein. Trefoldighetskirken i Oslo er ei av dei åttekantkyrkjene oppført i teglstein. Desse steinkyrkjene er òg dei største av åttekantkyrkjene. Den mindre Digermulen kyrkje vart oppført i betong etter krigen.

På grunn av mange ulike vinklar ved lafting er åttekantkyrkjer meir krevjande for tømraren samanlikna med langkyrkjer og krosskyrkjer med rettvinkla hjørne.[3][12] Til dømes måtte tømraren i Norddal kyrkje lafte i hop tre stokkar med ulike vinklar i overgangen mellom skip og våpenhus. Då åttekantforma kom i bruk var krossforma det dominerande. Det åttekanta grunnplanet gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn dei krossforma kyrkjene. Tverrarmane i krosskyrkja hjelper til å avstive laftekonstruksjonen slik at kyrkjerommet kan lagast større enn laftekonstruksjon med rektangulært grunnplan. På same måte gjorde åttekantforma at det var mogleg å bygge temmeleg store kyrkjerom fordi dei åtte veggane avstivar kvarandre, og Håkon Christie trur at dette er ein grunn til at kyrkjetypen vart vanleg i Noreg.[4] Det var også lett å byggje galleri i desse kyrkjene noko som gav rom for fleire sitjeplassar.[3]

Medan til dømes åttekantkyrkjene i Norddal og Stordal har søyler midt i rommet som støtte for tak og tårn, er en store takkonstruksjonen i Lønset kyrkje (14 m spenn) uten indre søyler.[13]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den danske Frederiksberg kyrkje har truleg påverka norske åttekantkyrkjer.

Oktogonale (åttekanta), polygone (mangekanta) eller sirkulære grunnplanar for kyrkjerom har vore brukt i lange tider, særleg før mellomalderen og i autskyrkja. Klippedomen er døme på ikkje-kristent byggverk med åttekanta grunnplan. I Noreg har åttekantforma vore brukt til dømes i Valbergtårnet, eit åttekanta vakttårn i Stavanger.

Frå mellomalderen og utover var langkyrkjer eller krosskyrkjer dominerande i vestkyrkja. I barokken vart kyrkjerommet opna, og runde, ovale eller polygone former vart brukt. Åttekantforma høvde godt til kravet i den reformerte kyrkja om eit ope kyrkjerom med kyrkjelyden samla omkring alteret.[4] I Noreg slo dette gjennom etter oppføring av Hospitalskyrkja i Trondheim med ei oktogonal grunnform. I dei neste 200 åra vart omkring 60 kyrkjer oppført som oktogonale kyrkjer i barokk eller neoklassisistisk stil, for det meste i Midt-Noreg. Ved sida av den generelle moten på denne tida, kan oktogonen i Nidarosdomen frå mellomalderen ha vore viktig for denne trenden. «Klassisismens egentlige kirkeform ble åttekanten,» skriv Vreim.[13] Lorentz Dietrichson meinte at åttekantkyrkjene vart populære i Christian VIIs tid på grunn av rasjonalismens trong om ein forelesningssal.[12]

Norddal (Dale) kyrkje - den eldste åttekantkyrkja på Sunnmøre

Inspirasjonskjelda til dei første åttekanta kyrkjene er truleg i Nederland der det frå 1597 vart bygt fleire slike kyrkjer,[14] men òg andre stader i det lutherske Europa var åttekantforma i bruk.[4] Johan Christopher Hempel, truleg frå Nederland, blir rekna som arkitekt for Hospitalskyrkja. I Danmark vart Frederiksberg kyrkje oppført med åttekantform i 1734 av ein nederlandsk arkitekt, og er truleg ei inspirasjonskjelde for mellom anna Sør-Fron kyrkje.[14] I Klingenthal vart til dømes den lutherske kyrkja Zum Friedefürsten med åttekantform reist i 1737. Den store barokkyrkja i Rellingen (Schleswig-Holstein) vart oppført i 1756 med eit åttekanta grunnplan og mansardtak. Katharinenkirche i Großenaspe (Schleswig-Holstein) frå 1770 har eit åttekanta skip og tårn over inngangspartiet. På denne tida var Schleswig-Holstein i union med Danmark-Noreg. I Noreg var det særleg innanfor Nidaros bispedømme åttekantforma (som den eldre Y-forma) vart teken i bruk.[4]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dolstad kyrkje i Mosjøen er en av de eldste utanfor Trondheim og skal vere bygd etter mønster av Bakke kyrkje i Trondheim - «Bakke kirke har tjent som mønster såvel for byggverk som for tårn, som hadde sitt egenartede utseende»[15]. Norddal kyrkje frå 1782 var den første åttekantkyrkja på Sunnmøre. Byggmeisteren (som òg var arkitekt for kyrkja) reiste til Trøndelag for å sjå på ymse kyrkjebygg som førebilete for ny kyrkje i Norddal, og i «nærleiken» av Trondheim fann dei ei kyrkje dei likte godt, og som byggmeisteren teikna eit grunnriss av. Det var truleg Hospitalskyrkja dei kopierte, men det kan òg ha vore Bakke kyrkje i Trondheim. I åra etter vart fleire kyrkjer med same fasong oppført på Sunnmøre (til dømes Stordal gamle kyrkje) og i Nordfjord (Innvik kyrkje), dessutan i Tresfjord i Romsdal.[16] Ebbe Carsten Tønder (sokneprest frå 1759 til sin død 1785) teikna Stordal gamle kyrkje, og ho kan ha vore planlagt om lag samstundes med Norddal kyrkje. Tønder var frå Trondheim og kan blitt inspirert av dei to åttekantkyrkjene der.[3] Grytten kyrkje i Rauma skal ha hatt Sør-Fron kyrkje som modell. Etter 1825 vart det reist 10 åttekantkyrkjer i de indre bygdene Agder, og Hornnes kyrkje vart eit førebilete for dei andre kyrkjene. Mellom anna er Årdal kyrkje i Bygland oppført etter same teikningar.[17]

Gamlekyrkja i Vrådal, kanskje den første åttekantkyrkja i Noreg, riven kring 1886.

Røros kyrkje representerte i 1784 ein ny variant av åttekantkyrkja ved at den var større og meir langstrakt, og dessuten oppført i stein.[14] Røros kyrkje inspirerte utforming av Tynset kyrkje som vart kopiert til Bardu kyrkje. Vreim kallar desse for «Røros-typen» av åttekantkyrkja.[13]

I perioden 1750-1830 vart det oppført 230 kyrkjer i Noreg. Av desse var 35 åttekanta, 62 hadde langplan og 110 hadde korsplan. Halvparten av åttekantkyrkjene (17) vart oppført i dåverande Trondheim stift. Seinare vart planforma også vanleg i Agder.[12]

Tapte bygg[endre | endre wikiteksten]

Alt i 1686 vart det på Roholt i Vrådal oppført ei åttekantkyrkje som truleg var den første i landet, det var eit lafta bygg som erstatta ei stavkyrkje frå mellomalderen.[18] Vrådal gamle kyrkje var ein rein åttekant i tømmer med påbygd våpenhus og seinare utvida med påbygg for kor. Den hadde eit bratt åttekanta tak med åttekanta takryttar og høgt spir. Det var ingen søyler ned i kirkerommet, slik at spiret vart støtta av svære bjelkar som kvilte på ytterveggene og lagt i eit stort kryss midt over kyrkjerommet. Det er uvisst korleis denne uvanlege forma kom til ei lita bygd i øvre Telemark.[19] Kyrkja i Vrådal skal ikkje ha påverka seinare åttekanta kyrkjebygg.[14]

Rivne åttekantkyrkjer (år for oppføring og riving):[4]

  • Vrådal i Kviteseid (1686-1887)
  • Øye i Surnadal (1724-1871)
  • Undrumsdal i Re (1730-1882)
  • Hopen på Smøla (1749-1891)
  • Flekkefjord (1790-1843), ny kyrkje frå 1833

Tidlegare Hareid kyrkje var åttekanta men blei riven i 1877 på grunn av dårleg fundament. Gamle Kirkenes kyrkje vart oppført i 1862 og gjekk tapt i brann under andre verdskrigen.

Arkitektar[endre | endre wikiteksten]

Klæbu kyrkje teikna av eidsvollsmannen Lars Forsæth.
Wilhelm von Hannos eksteriørteikning av Trefoldighetskyrkja i Oslo med den åttekanta kuppelen.

Johan Christopher Hempel, Trondheims «Byg- og Murmester», stod for Hospitalskyrkja og Bakke kyrkje i Trondheim, dei to eldste åttekantkyrkjene. Omkring 80 norske kyrkjer vart oppført etter typeteikning av Linstow, mellom desse er fleire kyrkjer i Agder (Flekkefjord, Hylestad, Sandnes kyrkje og kapell, og Kvinesdal) åttekanta. Wilhelm von Hanno fullførte Trefoldighetskyrkja i Oslo med utgangspunkt i teikningar av Alexis de Chateauneuf. Mellom arkitektane for dei andre kyrkjene er kjende arkitektar som Grosch og dessutan byggmeistrar, sokneprestar og eidsvollsmenn.

Byggmeistrar og sokneprestar[endre | endre wikiteksten]

Stor-Elvdal kyrkje teikna av Svend Aspås.

Dolstad kyrkje i Vefsn vart oppført av byggmeister Nils Pedersen Bech frå Trondheim etter mønster av Bakke kyrkje i heimbyen.[15] Ulstein kyrkje og Stordal gamle kyrkje vart teikna av dei respektive sokneprestar. Presten Ebbe Carsten Tønder (1726-1785)[20] teikna Stordal gamle kyrkje, men døydde før kyrkja stod ferdig. Norddal kyrkje vart teikna av den lokale byggmeisteren (truleg etter modell av Hospitalskyrkja i Trondheim). Innvik kyrkje vart teikna av byggmeister Elling Olsson Valbø,[21] eidsvollsmannen frå Ørskog. I Ørskog var det ei åttekantkyrkje frå 1807 (flytta til Herøy i 1872), Elling Valbø skal ha vore opphavsmann også til denne kyrkja.[22] Året etter var Valbø byggmeister for den åttekanta Hareid kyrkje som vart riven etter 70 år. Bonde og handverkar Ole Pedersen Tøfte bygde Romfo kyrkje og Ålvundeid kyrkje i Sunndal.

Den seinare eidsvollsmannen Lars Forseth var arkitekt for Klæbu kyrkje og er saman med Svend Aspås oppført som opphavsmann til Støren kyrkje. Forsæths teikningar av Klæbu kyrkje var òg grunnlag for Hornnes kyrkje, som i sin tur var modell for fleire åttekantkyrkjer i Agder.[17] Svend Aspås' son, Ramsus Aspaas, teikna Tolga kyrkje.[23]

Byggmeister Svend Aspås frå Røros leia murarbeidet først ved bygginga av den store åttekanta kyrkja på Røros (1779-84) deretter i Sør-Fron (1786-92), og han teikna den åttekanta trekyrkja i Stor-Elvdal. Aspås er og oppført som arkitekt for den åttekanta Støren kyrkje[24] og for Grytten kyrkje.[25] Den store steinkyrkja i Vang i Hamar vart teikna av soknepresten sjølv, Abraham Pihl, og arbeidet fullført av Svend Aspås. Abraham Pihl er òg kreditert planlegging av Åmot kyrkje i Nord-Torpa.

Christian Grosch[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjetype teikna av Grosch

Den kjende arkitekten Christian H. Grosch teikna mange kyrkjer, mellom anna desse åttekantkyrkjene:

Hval og Rogne kyrkjer skal vere oppført etter dei same teikningane. Begnadalen kyrkje, som brann ned i 1957, og gamle Kirkenes kyrkjesom gjekk tapt under krigen, var òg oppført etter Grosch' teikning.

Åttekantkyrkjer i Noreg etter fylke[endre | endre wikiteksten]

Vang kyrkje i Hamar er bygd i stein, teikna av sokneprest Pihl og fullført av Svend Aspås.

Åttekantkyrkjer etter fylke og årstal oppført - lista er ufullstendig.

Oslo[endre | endre wikiteksten]

Innlandet[endre | endre wikiteksten]

Viken[endre | endre wikiteksten]

Årdal kyrkje i Bygland etter same teikning som Hornnes kyrkje
Foto: C. C. Thomhav

Vestfold og Telemark[endre | endre wikiteksten]

Agder[endre | endre wikiteksten]

Stranda kyrkje på Sunnmøre.

Rogaland[endre | endre wikiteksten]

Møre og Romsdal[endre | endre wikiteksten]

Vestland[endre | endre wikiteksten]

Den lille Vinje kyrkje i Hemne
Foto: Cato Edvardsen
.

Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Nordland[endre | endre wikiteksten]

Ankenes kyrkje i Ofoten
Foto: Trond Laksaa/kirkenorge.no
Bardu kyrkje er ein mindre kopi av Tynset kyrkje.

Troms og Finnmark[endre | endre wikiteksten]

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Med sentral takryttar[endre | endre wikiteksten]

Med tårn[endre | endre wikiteksten]

I andre land[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Muri, Sigurd (1975): Gamle kyrkjer i ny tid. Oslo: Samlaget.
  2. 2,0 2,1 2,2 Korskirke frå Store norske leksikon
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194.
  5. Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, side 612, Vanebo forlag 1993
  6. Kyrkjebyggdatabasen: Flekkefjord lese på nett 27.februar 2013.
  7. http://snl.no/sentralkirke lese på nett 2.jan 2013.
  8. Muri, Sigurd; Norske kyrkjer, Oslo 1971 side 194
  9. 9,0 9,1 Fylkesarkivet i S&F: Kulturhistorisk leksikon Aaraas, Margrethe Henden og Sigurd Vengen (2000): Lavik kyrkje. Lese på nett 16.mars 2013.
  10. Jakobsen, Mikael (1935): Dolstad kirke 1735-1935. Dolstad menighetsråd.
  11. Norges kirker «Samnanger kirke», lese på nett 14.8.2013.
  12. 12,0 12,1 12,2 Hosar, Kåre (1988): Sør-Fron kirke. Lokal bakgrunn og impulser utenfra. Magisteravhandling i kunsthistorie. Universitetet i Oslo.
  13. 13,0 13,1 13,2 Vreim, Halvor (1947): Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Skrondal, Silje (1999): Sør-Fron kirke. Et forsøk på å beskrive sammenhengen mellom protestantisk kirkearkitektur, teologi og liturgi. Hovedoppgåve - Universitetet i Oslo, 1999
  15. 15,0 15,1 Jakobsen, Mikael (1935): Dolstad kirke 1735-1935. Dolstad menighetsråd, s.12.
  16. Grunn og gror. Kultursoge. Norddal bygdebøker, band IV. Valldal, 1976.
  17. 17,0 17,1 Nilsen, Sigrid (1985): Åttekantkirkene på Agder 1825-1850. Årsskrift for Agder Historielag, årgang 61, s.55-63.
  18. Kviteseid historielag lest på nett 4.mai 2013.
  19. Nordbø, Halvor (1970): Vrådals gamle kyrkje. Serprent av Årbok for Telemark, 1970.
  20. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.258.
  21. Innvik kyrkje på kyrkjebyggdatabasen[daud lenkje] lese på nett 8.februar 2013.
  22. Grimstad, Arnljot (2012): Korleis det kom kyrkje på Leikong. Årsskrift 2012, Ørskog historielag, hefte nr 22.
  23. Tolga kyrkje på kyrkjebyggdatabasen[daud lenkje] lese på nett 8.februar 2013.
  24. Støren på kyrkjebyggdatabasen lese 14.2.13
  25. Grytten kyrkje på kyrkjebyggdatabasen lese 20.februar 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Halvor Vreim (1939). «Kirker». Norsk trearkitektur. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 130-131.