Æthelweard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Æthelweard var ein anglosaksisk historikar og jarl som levde på 900-talet. Han var etterkomar i fjerde ledd av kongen Æthelred av Wessex.

Æthelweard var 'ealdorman' eller jarl av dei vestlege provinsane, truleg vil det seie heile Wessex. Hans fyrste signatur som ealdorman skriv seg frå 973, og han heldt fram å signere fram til 998. Han må ha døydd kring den tid. I året 991 inngjekk han og erkebiskop Sigeric fred med danane, etter at desse hadde vunne eit slag ved Maldon. Tre år seinare var han saman med biskopen av Winchester, Ælfheah, då det vart slutta fred med Olav Tryggvason ved Andover.

Æthelweard var forfattar av ei latinsk krønike, med sluttpunkt i 975. Opp til år 892 har han i stor grad basert seg på Den angelsaksiske krønika, med få eigne opplysningar. For tida etter 892 har han vore mykje godt uavhengig av denne. Framstillinga er sterkt retorisk, og sjølv om han heldt seg unna det altfor kortfatta, er det ofte vanskeleg å klarleggje innhaldet.

Nyare forsking meiner å påvise at krønika var ei bestilling frå abbedissa Matilde i Essen. Ho var ein slektning av Æthelweard og krønika er nærast ei slags slektssoge. Abbedissa kunne ikkje gammalengelsk, språket Æthelweard beherska best.

Æthelweard hadde tilgang til ein no tapt versjon av Den angelsaksiske krønika. Han var eit døme på ein sekulær skrivar i ei tid der skrivekunne var reservert munkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]