Ætt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ætt er eit ord som har same tyding som slekt. Det gamle norrøne samfunnet skildrast gjerne som eit ættesamfunn.

På gammalnorsk kunne ordet skrivast både som ætt og som átt. Opphavleg stammar ordet frå det gamle gotiske ordet aihts, «eigedom», altså «som høyrer ein til», «pårørande».

Å vere av same ætt kan ha rettsleg tyding: mellom anna namnerett, arverett, odels- og åsetesrett. Det har opp gjennom tidene òg vore knytt mange andre rettar og plikter til å vere av same ætt.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Det er forskjellige oppfatningar av kvar personar som kan reknast som å høyre til same ætt eller slekt. Utgangspunktet er at ætta består av personar som har ei felles avstamming. I tradisjonell slektsforsking og i bymiljø vert denne avstamminga karakterisert gjennom mannsledd. I tillegg vert då likevel inngifta kvinner og tildels òg kvinner frå same mannslinje rekna med, men inngifte i andre ætter. Òg personar som har fått slektsnamn gjennom kvinneledd, har vore rekna med i same ætt. I nyare tid meiner mange at òg adopterte personar er med i ætta. Om fosterbarn òg skal reknast med kan avhenge av kor fast og langvarig fosterforholdet er.

Utanom byene har mange operert med eit meir utvida ætteomgrep der avstamming gjennom kvinneledd er godtatt. Etter nyare tids namnelovgjevnad i skandinaviske og mange andre land kan slektsnamn gå gjennom kvinneledd.

I dagleg språkbruk er det mange som nyttar orda ætta mi om slektningar både gjennom kvinne- og mannsledd. Språkbruken kan vere uttrykk for at ein person har ei nær kjenslemessig tilknyting til dei personane vedkommande reknar som ein del av ætta si.

Det er eit til dels ope spørsmål om, og i kva grad, tenarar og liknande tilsette, trellar, husmenn, leiglendingar og andre nærståande personar i tidlegare tider, har vore rekna som med i ætta.

Ei ættelinje er ei slektsgruppe med felles stammor. Fleire slektande ættelinjer utgjer ein klan. Eit ægglegg kan tyde etterkomarane til ein person i rett nedstigande linje. Omgrepet kan òg nyttast om ættelinjer eller stamtavler og slektsledd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]