Ça Ira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ça Ira
Studioalbum av Roger Waters
Utgjeve 26. september 2005
Innspelt 2. desember 1988 - 29. august 2005
Sjanger Opera
Lengd 108:29
Selskap Sony Classical
Produsent Roger Waters og Rick Wentworth
Kritikk
Roger Waters-kronologi
Flickering Flame: The Solo Years Vol. 1 (2003) Ça Ira

Ça Ira (fransk for «Alt/Det blir bra», omsett her som «Det finst håp») er ein opera i tre aktar av Roger Waters til ein fransk libretto av Étienne Roda-Gil og kona hans Nadine, basert på historier frå Den franske revolusjonen. Den første innspelinga vart gjeve ut 26. september 2005, med songarane Bryn Terfel, Huang Ying og Paul Groves.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det tok lang tid å gjere dette albumet. Waters, som er mest kjend som medlem av rockebandet Pink Floyd, møtte Roda-Gil i 1987 med spørsmål om han ville komponere musikken til librettoen deira. Den første versjonen var ferdig og innspelt i slutten av 1988. Etter at François Mitterrand høyrte stykket vart han så imponert at han bad Opéra National de Paris å framføre den for 200-årsfeiring av revolusjonen juli året etter. Operadirektørane var derimot motvillig, i følgje Waters fordi han var engelsk og hadde spelt i eit popband. Prosjektet vart lagt på hylla fram til 1995, då Waters byrja å omarbeide materialet for ei profesjonell innspeling og framføring.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Ça Ira fekk gode meldingar. Enkelte var kritiske til at operaen var for forteljande, og at det derfor ville vere vanskeleg å setje det opp på ein scene, og dermed bryte flyten i stykket. Dei fleste meldarane var derimot einige om at musikken var svært bra, og til og med glimrande i enkelte delar (frigjeringa av slavane og avrettinga av Marie Antoinette vart særleg trekt fram). Andre kritikarar meinte derimot at musikken var for konvensjonell og at Waters burde ha våga meir.

Sidan operaverda er forholdsvis konservativ, frykta Waters harde kritikkar av Ça Ira, men vart letta då han fann ut at meiningane deira var ganske moderate.

Liste[endre | endre wikiteksten]

Albumet gjekk til første plass på Billboard si Top Classical Chart og Sony si Classical Chart i både USA og Storbritannia. Albumet selde bra i mange europeiske land, og selde mellom anna til platina i Polen.

Framføring[endre | endre wikiteksten]

Første gong ein kunne høyre Ça Ira var på Malta, kvelden då Malta vart med i EU. Eit om lag 15 minutt langt utdrag kunne høyast av dei 80 000 frammøtte. Musikken vart akkompagnert av eit lysshow av Gert Hoff.

Så langt har det vore konsertframføringar av Ça Ira i Roma, Poznań i Polen, Kiev, Beijing, Tokyo og Moskva. Premieren fann stad i Roma 17. november 2005.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk ein[endre | endre wikiteksten]

Akt ein[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Gathering Storm» – 1:38
  2. «Overture» – 4:06
  3. Scene 1: A Garden In Vienna 1765 – 0:53
  4. «Madame Antoine, Madame Antoine» – 2:53
  5. Scene 2: Kings Sticks And Birds – 2:41
  6. «Honest Bird, Simple Bird» – 2:10
  7. «I Want To Be King» – 2:37
  8. «Let Us Break All The Shields» – 1:45
  9. Scene 3: The Grievances Of The People – 4:40
  10. Scene 4: France In Disarray – 2:34
  11. «To Laugh Is To Know How To Live» – 1:44
  12. «Slavers, Landlords, Bigots At Your Door» – 3:36
  13. Scene 5: The Fall Of The Bastille – 1:34
  14. «To Freeze In The Dead Of Night» – 2:19
  15. «So To The Streets In The Pouring Rain» – 4:17

Akt to[endre | endre wikiteksten]

  1. Scene 1: Dances And Marches – 2:11
  2. «Now Hear Ye!» – 2:18
  3. «Flushed With Wine» – 4:31
  4. Scene 2: The Letter – 1:39
  5. «My Dear Cousin Bourbon Of Spain» – 2:48
  6. «The Ship Of State Is All At Sea» – 1:46
  7. Scene 3: Silver Sugar And Indigo – 0:55
  8. «To The Windward Isles» – 4:50
  9. Scene 4: The Papal Edict – 1:17
  10. «In Paris There's A Rumble Underground» – 6:19

Disk to[endre | endre wikiteksten]

Akt tre[endre | endre wikiteksten]

  1. Scene 1: The Fugitive King – 2:21
  2. «But The Marquis Of Boulli Has A Trump Card Up His Sleeve» – 4:27
  3. «To Take Your Hat Off» – 2:40
  4. «The Echoes Never Fade From That Fusillade» – 3:15
  5. Scene 2: Commune De Paris – 2:43
  6. «Vive La Commune De Paris» – 3:16
  7. «The Assembly Is Confused» – 2:41
  8. Scene 3: The Execution Of Louis Capet – 1:39
  9. «Adieu Loius For You It's Over» – 3:45
  10. Scene 4: Marie Antoinette - The Last Night On Earth – 1:39
  11. «Adieu My Good And Tender Sister» – 5:09
  12. Scene 5: Liberty – 2:51
  13. «And In The Bushes Where They Survive» – 6:52

Ymse[endre | endre wikiteksten]

  • Tittelen er ein song frå den franske revolusjonen. Waters nytta ikkje den originale teksten (frå om lag 1790, visstnok av ein gatesongar kalla Ladré). Den mest kjende utgåva av denne songen vart spelt inn og sunge av Édith Piaf.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Roger Waters
Diskografi
Studioalbum: The Pros and Cons of Hitch Hiking | Radio KAOS | Amused to Death | Ça Ira
Filmmusikk: Music from «The Body» | When the Wind Blows
Konsertalbum: The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live
Samleplater: Flickering Flame
Video og DVD
Pink Floyd The Wall | The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live | The Making of The Dark Side of the Moon
Relaterte artiklar
Pink Floyd | David Gilmour | Alan Parker | Gerald Scarfe | Ron Geesin | The Final Cut | The Wall